Referat frå styremøte i Værlandet Vel 3. februar kl. 19.00

 

 

Til stades: Laila Blom, Audun Oddekalv, Astrid Thorsen Landøy,   

Tone Nistad Nybø og Ann Iren Bauge.

 

Forfall:       Roar Landøy (vara vart ikkje innkalla)

 

 

 

Sak 1) Askvoll kommune si heimeside

 

·        Astrid har sendt inn dei nye vedtektene, oversikt over styret og kontaktinformasjon som skal leggast inn på Askvoll kommune si heimeside.

 

 

Sak 2) Rydding i Sørveret

 

·        Ryddedagen er sett til laurdag 14. februar.

·        Det skal setjast opp plakatar om dugnad på butikkane og på lyspålar i tillegg til heimesida.

·        Dugnadsgjengen går frå Kleivavågen til Ola-neset og startar ryddinga der.

·        Ein dugnadsgjeng vil stå for å bringe bollar til dei som ryddar.

·        Denne laurdagen skal brukast til å få bosset i sekkar. Det vert sett fokus på det største/tyngste raket.

·        Leiaren tek kontakt med Air-lift og avtaler dato og stad for henting av boss etter at bosset er kome i sekkar.

·        Anne Britt Sandøy vil vere der og lage reportasje for Firda.

·        Leiaren tek kontakt med Johannes Anonby i fylkeskommunen

om korleis bosset skal fraktast frå Værlandet.

 

 

Sak 3) Nordsjøporthelga 3. – 5. juli

 

·        Tone kontaktar Stein Hugo Fykse for å få gudstenesta 5. juli på preikelista.

·        Kulturinnslag etter gudstenesta 5. juli

·        Leiaren tek kontakt med Per Vidar Nybø om kulturskulen kan tenkje seg å ha nokre kulturinnslag. Museet vert ope. Leiaren tek kontakt med museumsnemnda og høyrer korleis medlemene i nemnda kan tenkje seg å organisere denne dagen.

·        Styret i Værlandet Vel møter Gry Leite laurdag 7. februar for å høyre kva som er ønskjeleg å organisere på Værlandet Båt i etterkant av gudstenesta.

·        Leiaren tek kontakt med Bulandet grendalag om felles møte vedk. Nordsjøporthelga. Avventar til Bulandet grendalag har vald nytt styre.

 

 

Sak 4) Midlane Askvoll kommune fekk i høve finanskrisa

 

·        Askvoll kommune har øyremerka midlane. Den kommunale vegen i Værlandet er ikkje prioritert i planen til kommunen.

·        Leiaren i skriv brev til Askvoll kommune om vegen, genelt,i Værlandet. ”Kvar er vegen her ute i systemet?”

 

 

Sak 5) Helikopterlandingsplass

 

·        Værlandet Vel vil ha helsesjef Johan Nyhammer sitt syn på helikopterlandingsplass merka med lys, i Værlandet. Leiaren kontaktar helsesjefen.

 

 

Sak 6) Legevaktsamarbeidet

 

·        Mange er usikre på kva den nye legevaktordninga går ut på. Kva gjer vi etter kl 16.00? Korleis vert transporten heim etter besøk på legevakta?

·        Leiaren kontaktar helsesjef J. Nyhammer. Værlandet Vel vil at helsesjefen utarbeider eit informasjonsskriv til alle husstandane om den nye legevaktordninga.

 

 

Sak 7) Andre saker

                  

                   BRØNNØYSUNDREGISTERET

·        Leiaren informerer Brønnøysundregisteret om nytt styre i Værlandet Vel, endring av signaturrett og at Værlandet Vel ikkje lenger driv utleige av gamleskulen.

 

                  


 

GATELYS

·        Leiaren kontaktar Askvoll kommune/teknisk etat om gatelys som er ute av drift, m.a. ved Fargedalshøgda og gamleskulen.

·        Leiaren sender søknad til Gjensidige-fondet om tilskot til gatelys, 3 punkt på Vaulemyrane.

 

NY UTLEIGAR AV GAMLESKULEN

·        Værlandet Båt opprettar eigen konto for drifta av gamleskulen.