AREALDELSPLANEN

ALLMØTE I VÆRLANDET UNGDOMSHUS 17. AUGUST KL. 18.00

 

 

Frå styret i Værlandet Vel møtte:   Laila Blom, Astrid Thorsen Landøy, Roar Landøy og Ann Iren Bauge

 

I tillegg til styret var det 14 frammøtte frå Værlandet.

 

 

 

 

AREALDELSPLANEN – VÆRLANDET

 

Industriområde:

 

Grunneigar Reidun Hellebust Værøy:

Det som på arealdelsplanen er merka som industriområde vil grunneigar ha endra til

spreidd busetnad (utan reg.), ev. hyttefelt.

 

Andre forslag til industriområde:

Hamna – rettast frå erverv til industri.

Brimmen – industriområde nord for Loran C (Melværsundet)

 

 

Kaiområde:

 

Melværsundet –        I forbindelse med industriområde vert det foreslått djupvasskai.

Allmøtet ser òg at eit lite område nord for brufestet

(ved Loran C) kan vere aktuelt for djupvasskai. Værlandet Vel tek kontakt med grunneigar og legg inn forslag.

 

Kleivavågen er oppført som kaiområde. Det er godteke, men allmøtet vil ha Soknavågen oppført som ”ekstra” kaiområde.

 

 

Hyttefelt:

 

Nordnessundet – mogeleg utviding av hyttefeltet.

Andre innteikna hyttefelt er OK.

 

Grunneigar Knut Landøy vil ha utviding av hyttefeltet på sin grunneigedom og såleis  få strandlina frigjeven til framtidig flytebrygge i ”søre” vika.

 

 



 


 

Bustad:

Utviding av bustadfelt (på Leite) frå Eiavatnet, nord til Karl Arthur Bakke.

 

Grunneigar Atle Kalvøy:

Ønskjer heile garden under sona for spreidd busetnad.

 

 

Aqua-område:

 

Allmøtet ønskjer å få teke bort ”gamle” grenser i desse områda.

Dette vil verte teke opp på neste allmøte med repr. frå Askvoll kommune.

 

 

KONKLUSJON:

 

Værlandet Vel har no fått innspell frå allmøtet på sine planar og allmøtet har komme med forslag til ulike løysingar.

 

Værlandet Vel ber grunneigarane på Værlandet om å vurdere sine eigedomar, gjere seg opp ei meining om kvad ei ynskjer og så sende skriv til Askvoll kommune. Kvar einskild grunneigar bør nytte kart der ein TYDELEG beskriv området + legge ved skriv med grunngjeving om kva ein vil nytte sine eigedomar til (som t.d. industri, bustad, hytte m.m). Grunneigar sender skriv m/kart til Askvoll kommune, gjerne med kopi til Værlandet Vel. Grunneigar vert òg oppfordra om å ta med kopi av skriv og kart til neste møte vedk. arealdelsplanen: 9. september kl. 17.30

 

Værlandet Vel ber grunneigarane ta kontakt dersom dei ynskjer hjelp med skriv, kart m.m.

 

Referat frå dette møtet vert sendt til Askvoll kommune.

 

 

 

Møte slutt kl. 19.50

 

 

Ann Iren Bauge

      -ref.-