Styremøte i Værlandet Vel

sundag 15.08.2010


 

Tilstades: Audun Oddekalv, Tone Nybø, Roar Landøy og Magni Blom


 

Sak: Brev til kommunen frå Værlandet Vel angåande kommundelplanen Bulandet/Værlandet, som er ute til offentleg høyring for 2.gong. Frist for merknadar til kommunen er 23.08.2010.


 

Det er kome inn nokre innspel frå bygda til det siste høyringsutkastet. Styret har utifrå dette desse merknadane til kommunen:


 

Akvakulturområdet i sundet mellom Værlandet og Alden. Styret meiner at dette må justerast. Den eine justeringa gjeld vest for Alden. Dette har vore brukt som oppdrettslokalitet sidan 1980-talet. Landøy Fiskeoppdrett har hatt anlegg liggande der sidan 1990. I tillegg må grensa ved Aldøyna justerast, sidan det no ligg eit oppdrettsanlegg delvis utanfor det området som er tenkt til akvakultur i høyringsutkastet.


 

Akvakulturområdet i Sørværet. Dette området må utvidast. Det vil elles ikkje vere plass til anlegget som allereie ligg der.


 

Akvakulturområdet i Nordnessundet. I området er det no eit eldre naustmiljø. Nordnessundet har òg hatt status som nødhavn, med båtfester tenkt til slik bruk.

I høyringsutkastet strekkjer akvakulturområdet (mellom Værlandet og Alden) seg nord og inn i Nordnessundet.

Styret i Værlandet Vel vil be om at grensa for akvakulturområdet vert flytta lenger aust og sør på sundet mellom Alden og Værlandet. Neset vest for Nordnessundet/Nordnesholmane er i planutkastet teke ut til fritidsbebyggelse. Stiftelsen Alvhilds minne til Værlandets vel har planlagt hyttefelt, felles båtanlegg og rekreasjonsområde for hyttefolk og fastbuande. Styret meiner at akvakultur og fritidsinteresser i same området er ein dårleg kombinasjon som kan føre til framtidige interessekonflikter.

Sjølv om området tidlegare har vore regulert til akvakultur, er det praktiske forhold som gjere til at dette må takast opp til ny vurdering. Sjøområdet inne i dette sundet har ei djupne på 2-4 meter, og det er dårlege straumforhold og svak utskifting av sjø. Dette meiner styret er eit moment som gjere området dårleg eigna til akvakultur.

 

Havna i Soknavågen. Dette er ei eksisterande havn som må få same farge (mørkegrå) som t.d. Værøyhavna og Kleivavågen har fått i høyringsutkastet.


 

Værlandet Vel sender eit brev med innspela til kommunen, og legg ved kart med skisserte justeringar. Det vil òg verte vist til Landøy Fiskeoppdrett og Stiftelsen Alvhilds Minne til Værlandets vel sine brev til kommunen om dette.


 

Refr. Audun Oddekalv og Elin Blom Vesterås