Styremøte i Værlandet Vel

onsdag 24.november 2010 i staua i Bygdetunet


 

Tilstades: Audun Oddekalv, Tone Nybø, Reidun Norheim, Arnt Henning Blom, Roar Landøy og Elin Blom Vesterås.


 

Saker:


 

1. Økonomi. Reidun orienterte om stoda pr 24.11 på kontoen på Værlandet Gjesteheim og brukskontoen.


 

2. Værlandet Gjesteheim. Audun og Arnt Henning har fjerna målinga på murgolva i det utvendige sanitæranlegget. I løpet av vinteren/våren 2011 må vi få på noko nytt, og det er innhenta prisar på ulike løysingar for golva frå målarfirmaet til Rune Skilbrei. Styret var einige om å gå for golvbelegg, som var eit av dei rimelegaste alternativa, sjølv om det kan vere eit fuktproblem i grunnen under bygget.


 

Værlandet Båt ynskjer å fortsette med å leige/drive Værlandet Gjesteheim. Dette er styret veldig glad for! Dei har fått ein henvendelse frå Bulandet Fiskeindustri AS som er interessert i å leige heile gjesteheimen ut til sine arbeidarar i perioden frå påska til fellesferien. Værlandet Båt vil gå inn på ein slik avtale. I forbindelse med dette er det ynskje om at sovesalen vert delt inn i 3 rom. No er det 5 gjesterom på huset, ved ei oppdeling av sovesalen vert det i alt 7 rom. Dette er meir tenleg, både for Fiskeindustrien og Værlandet Båt si drift elles av gjesteheimen. Olav Håkonsen har fått oppdraget med snikkararbeidet, og gjesteromma vil stå klar i løpet av kommande vinter/vår.


 

For å gjere dei nødvendige investeringane, må Værlandet Vel ta opp meir lån. For å klare å dekke dei auka faste kostnadane som Velet får i forbindelse med lån m.m, lyt leigeavtalen med Værlandet Båt justerast tilsvarande. Dette er dei positive til, so vi er optimistiske når det gjeld framtidige samtalar med banken :) Denne saka kjem opp på årsmøtet.


 

3. Svarbrev frå Fjord 1. Etter noko lang tid har Værlandet Vel og Bulandet Grendalag fått svar på brevet som vi sendte til Fjord 1 tidlegare i haust. Styret vart einige om at det bør sendast eit nytt brev, der vi kommenterer eit par ting som Fjord 1 har skrive i svaret sitt. Dette gjeld bl.a dei prioriteringane som vert gjort når ambulansebåt/skyss vert sett inn kl 0800 på sambandet vårt. Fjord 1 viser i sitt svar til at det er fleire passasjerar (pendlarar og skuleborn) som skal frå Atløy til Askvoll om morgonen. Dette er vi klar over, men meiner at det er snarare å avvikle fleire turar over sundet der, enn å eventuellt måtte ta fleire turar ut og inn Værlandet-Askvoll dersom det er so mange passasjerar at ikkje alle vert med på ein tur.

Vi må sende brevet til Statens Vegvesen, som er Fjord 1 sin oppdragsgivar.

Elin tek kontakt med Bulandet Grendalag om kva synspunkt dei har på gongen vidare i denne saka. Kanskje vi skriv eit brev ilag denne gongen òg.


 

4. Stiftelsen Norsk Sjøfuglsenter. Audun orienterte om kva som skjer. Stiftelsen har ikkje hatt skipingsmøte endå, men styringsgruppa har sett igong ei utlysing av oppdraget med å lage utstillinga som skal vere i informasjonssenteret Norsk Sjøfuglsenter. Det har kome inn 10 søknadar, og av dei er det 4 søkjarar som skal komme på synfaring hos Værlandet Båt ein av dei næraste dagane. Den søkjaren som til slutt får oppdraget, har ei kostnasramme på opptil 5 millionar kr til å lage utstillinga. Spennande!


 

Arealdelplanen. No er planen endeleg klar. Den gjekk gjennom i kommunestyret for nokre veker sidan. So no har vi altso ein plan å forhalde oss til når vi skal til med ulike tiltak, både private og næringsdrivande.


 

Sal av lagerbygget på ferjekaia. Værlandet Handel AS er interessert i å kjøpe lagerbygget. Undersøkingar viser at det er svært vanskeleg å finne eigar av bygget! Grunnen er eigd av Statens Vegvesen, men papir på eigar av lageret er ikkje å oppdrive. Sidan Værlandet Vel eig venteromsdelen i bygget, kan det hende at det endar med ei løysing der Velet kan reknast som eigar av heile bygget. Om Værlandet Handel får kjøpe bygget, tek butikken òg over reinhaldet av venterommet. Styret diskuterte saka, og er positive til at Værlandet Handel kjøper lagerbygget. Styret kom fram til at ein uansett må ha på plass ei form for skriftleg bekrefting på eit eventuellt eigarskap før velet kan selge. Arnt Henning Blom var ikkje med på møtet under denne saka.


 

Julegrankveiking 1.sundag i advent. Værlandet Vel får på plass tre og julelys i parken ved Værlandet Gjesteheim. I år vert det ein ny og kjekk vri på markeringa. Alt skal føregå ute; det vert nissemarsj etter julegrana er kveikt, og gløgg og peparkaker i parken etterpå. Finevèret reknar vi med «stiller opp», og vi so skal det vere «bålkos» v/bålpanna hennar Gry :)

Værlandet Vel, Værlandet Idrettslag, Bulandet Idrettslag og Barnas Turlag Værl/Bul samarbeidar om arrangementet. Audun lagar til plakat.


 


 


 

Skrivar Elin Blom Vesterås