Styremøte i Værlandet Vel

 

sundag 28.02.10 kl 1630 i staua i Eldreboligen

 

 

 

Til stades: Audun Oddekalv, Arnt Henning Blom, Reidun Norheim og Elin Blom Vesterås.

Styremedlemmane Roar Landøy og Tone Nybø var ikkje til stades.

Værlandet Båt var representert ved Gry Leite og Janne Ytterøy i forbindelse med dei 3 første sakene.

 

 

Saker:

    

1. Årets Nordsjøporthelg

     

Det er 7. gongen festivalen vert arrangert, og vi har etterkvart opparbeidd oss ein del erfaring. Mykje «er lagt» frå tidlegare år, bl.a at det vert strålande vèr :-).

I år skal marknaden vere på Værlandet, og Audun og Gry er i sving med å ta imot påmelding av stand. Det er viktig at det vert mange «mat- og drikkestasjonar», noko som var veldig bra i Bulandet i fjor!

Av aktivitetar laurdagen vil vi bl.a prøve å få besøk av «Elias-båten» og rib-båt, populære aktivitetar begge deler :-).

Når det gjeld den planlagde marknaden i Værøyhavna, ser vi fram til å kunne tilby mykje  meir kaiplass enn tidlegare år (gangvegen og kaianlegget til Værlandet Fiskeredskap). Det er òg tenkt at eit nytt servicebygg skal vere på plass ved Værlandet Båt.

Vi vart einige om at vi snart bør ha eit møte i lag med Bulandet Grendalag og begge ungdomslaga, for meir detaljert planlegging av Nordsjøporthelga.

 

 

2. Santitæranlegget ved Værlandet Gjesteheim

     

Forsikringsoppgjøret ved vasslekkasjen i sanitæranlegget ute vart veldig «symbolsk».Vi må uansett ordne dette so godt vi kan før turistsesongen startar, og på same tid gjere ei nødvendig oppgradering av sanitæranlegget.

Det som gjerast er å legge nytt tak ute, nytt tak inne, legge om det elektriske anlegget og sette inn nye varmeovnar. Vi bør òg legge golvbelegg på murgolvet, legge inn varmtvatn (og kanskje lage til dusj på eine toalettet?)

Alt dette vil koste ein del pengar, og vi må vurdere etterkvart kva Værlandet Vel har råd til. Det bør kanskje vurderast å ta opp litt meir lån på huset.

Elin vart sett på saka med oppgraderinga.

 

 

3. Infotavlene i Værøyhavna

 

Tidleg på 90-talet vart det sett opp infotavler i Værøyhavna og ved ferjekaia på Værlandet.

No har vi lyst til å flytte den eine tavla i havna til den nye gangvegen ved heile vestsida av havna, då trafikken og sentrum i havna har endra seg sidan den gongen tavlene vart sett opp. Vi må lage til ny og oppdatert informasjon om aktiviteten/tilbodet i området og øyane elles. Dette må òg gjerast på den infotavla som står ved ferjekaia.

Audun og Arnt Henning tek på seg å få dette gjort.

 

 

4. Rydding i Kystarven

 

Audun informerte om eit møte han hadde vore i forbindelse med at han er komen med i ei styringsgruppe innunder HAFS-prosjektet Kystarven. Denne styringsgruppa, som har fått navnet Rydding i Kystarven, skal finne gode måtar å løyse søppelproblemet som vi har i Sørværet Naturreservat og strendene elles på sørsida av Værlandet og Bulandet. Det er tenkt eit samarbeid med SUM. I tillegg til rydding av plastavfall fjærene, er det òg planar om å brenne lyng i utmarka, for so å få det beita av villsau.

 

Dette arbeidet skal ikkje vere dugnad, då det vil verte bevilga pengar frå staten til dette. Forslag til måtar å få rydda fjærene på er t.d. at familiar «adopterer» og tek ansvar for kvar si fjære mot ei betaling. Ein annan måte å gjere det på er å invitere lokale eller tilreisande skuleklassar til å rydde fjærer. Då kan lokale skuleelevar tene pengar til t.d. skuletur, eller klassar på skuletur i øyane kan få sponsa overnatting/opphald i Værlandet Gjesteheim.

 

Styringsgruppa for Rydding av Kystarven er: Linda Landøy (prosjektleiar), Per Arne Tveit, Tone Nybø (komm.repr.) Audun Oddekalv og Lise Landøy Midtbøen.

Prosjektet skal gå over 2 – 3 år, for so å verte ei eventuell fast ordning.

 

 

5. Bankkontoane i Værlandet Vel

 

Værlandet Vel har mange kontoar. Det kan kanskje vere ein fordel å slå ihop ein del av desse. Reidun sjekkar opp med Askvoll Rekneskapsteneste (som har rekneskapet på kontoen til Værlandet Vel/Værlandet Gjesteheim) om dette går greit å gjere, og korleis det kan ordnast praktisk.

 

 

6. Søknadar til Gjensidigefondet

 

Laila Blom har hjelpt styret i Værlandet Vel med å søkje om støtte til 2 prosjekt.

Den eine søknaden gjeld den nye gangvegen i Værøyhavna, der vi ynskjer å utvide lengst sør på gangvegen slik at det vert ein flott rasteplass.

Den andre søknaden gjeld det planlagde vedlikehaldet på Engelbua (musèumsbua), der det trengs ny bordkledning på nord- og sørveggen. Det er òg planlagt at det skal lagast til ein uteplass av treplatning på sørsida.

Olav Håkonsen har laga til prisoppsett på materialer og arbeid på begge søknadane.

Vi takkar Laila for hjelpa, og håpar på positivt svar på søknadane!

 

 

 

Møtet slutt kl 1830.

 

Elin Blom Vesterås

      -skrivar-