Værlandet Vel og Bulandet Grendalag
6986 VÆRLANDET
6987 BULANDET


Fjord1 Fylkesbaatane AS

v/ Torbjørn Vik

Boks 354

6902 FLORØ


OMDISPONERING AV FERJEMATERIELL PÅ FERJESTREKNINGANE I ASKVOLL KOMMUNE.

Vi viser til hendinga denne veka då ferja «Aurland» på sambandet Askvoll – Atløy hadde eit uhell tirsdag kveld ved ferjekaia på Atløy. Morgonen etter vart ferjeavgongane Askvoll – Fure - Værlandet kl 0630 og Værlandet – Askvoll kl 0800 erstatta med skyssbåt (ambulansebåt) pga at ferja «Eid», som til vanleg trafikkerer denne strekninga, vart sett inn i sambandet Askvoll – Atløy.


I forbindelse med denne omdisponeringa, og tidlegare liknande løysingar på driftsproblem på desse ferjesambanda, har vi nokre spørsmål:

 

  1. Kva kriteriar er det som vert lagt til grunn når ein vel å prioritere sambandet Askvoll – Atløy når det gjeld avvikling av ferjeavgongar framfor ferjesambandet vårt, Askvoll – Værlandet, når det er svikt i ferjemateriellet i området?

     

  2. Kvifor er det mest hensiktsmessigt at vårt samband skal erstattast med skyssbåt i forhold til sambandet Atløy – Askoll som har ei mykje kortare strekning?

     

  3. Uhellet med ferja «Aurland» på ferjesambandet Askvoll – Atløy denne veka skjedde tidleg tirsdag kveld, og vi lurer på kvifor det ikkje var mogleg å sette inn ei ekstraferje i området morgonen etter.

Folket i Værlandet og Bulandet har full forståelse for at det av og til kan dukke opp problem med ferjemateriell m.m, og at desse problema må løysast so godt so råd. På kort varsel kan det sjølvsagt vere vanskeleg å finne gode løysingar. Men det verkar å vere eit mønster at Værlandet/Bulandet vert nedprioritert når det gjeld kva øysamfunn i Askvoll kommune som har mest bruk for at ferjeavgongane går som normalt. Vi syns det er underleg at den lengste ferjestrekninga, med færrast avgongar, ser ut til å vere taparen gong etter gong.Vi vil minne om at ferjestrekninga Askvoll – Værlandet er den lengste i fylket, og vi har berre 5 – 6 avgongar frå Værlandet pr dag, som alle er like viktige.

Dei første avgongane om morgonen frå Askvoll og Værlandet er svært viktige avgongar. Avgongen frå Askvoll via Fure vert bl.a. mykje nytta av næringsdrivande som elektrikarar, rørleggarar og ulike godstransportørar i forbindelse med næringslivet i øyane. Avgongen frå Værlandet kl 0800 er viktig pga timeavtalar m.m som folk har på fastlandet. Folket i øyane er på lik linje med andre ofte avhengige av å bruke bil til ulike ærend på fastlandet. Dette kan vere i forbindelse med t.d. avtalar på sykehuset i Førde, eller andre avtalar der ein må nytte privat transport for å rekke frå og til øyane innan rimeleg tid.

Når ambulansebåten vert sett inn i sambandet som erstatning for ferje er det uansett eit begrensa tilbod, både i forhold til at båten er i fast beredskap når det gjeld ambulansetilbod, og antall passasjerplassar ombord. Eit godt eksempel på kva problem det kan vere at båten har liten passasjerkapasitet, er t.d. når skuleelevane i øyane skal til Askvoll for å ha symjeundervisning. I tillegg til andre passasjerar er det då snakk om ca 30 elevar + ein del vaksne.

Værlandet Vel og Bulandet Grendalag håpar på vegne av folket her i øyane på snarleg svar og forståing for at vi vert frustrerte over at Fjord1 gjere skisserte prioriteringar når det vert problemar med ferjemateriellet i området. Vi har vore bra tolmodige, men meiner at vi no må få nokre svar frå dykk.

Vi vil til slutt sei at vi sjølvsagt er opptekne av at alle samband i området skal verte minst mogleg lidande i slike situasjonar.

Med helsing

dato/stad

___________________________ ____________________________

Audun Oddekalv                                 Kari Helen Blikås

-leiar Værlandet Vel                         -nestleiar Bulandet Grendalag


 


 


 

Kopi: -Sogn og Fjordane Fylkeskommune

-Askvoll kommune v/ordførar