Spenjande "leikety"!

I 1944 va vi vortne vande me atte da rak mine innj på vikanje. Vi hadde hørt kor da smalj, når drivande mine vart sprengde. Vassøyla sto himmelhøkt, å alt i alt va da ei skremmande oppleving.

Å da va 'kje bere honjmine so kom, ittekvert kom da og andre utgåve, so folke lurde på ka ditta konde vere.

Enj gong låg da enj pærelignande gjenstand nord i Pervåja. Vi onganje hørde atte dei vaksne snakte om atte ditta konde vere ei magnetiske mine. Å vi vart formana om atte vi måtte ikkje komme nær svinerie, da konde gå i lokta tå seg sjøl. Men ditta gjorde atte vi onganje vart endå meir forvitne kanj du vete.

På middagstonda bestemde vi oss for å sjå nærare på dissa greiinje nor i Pervåja. Vi tømde lommanje for lommekniva å alllje ting so vi trudde konde ha noke å seie.

So samla vi noke småsteine, og la oss " i dekning" attai ei tue, nokre få meter ovai mina. Enj for enj røste vi oss, kasta enj steine i retning mina, å la oss nedatte "i dekning". Ett par-tre steina trefte mina, da hørde vi på lyden, men da hende ikkje nåke meir, so når "ammunisjonslageret" var oppbrukt, gjekk vi dar i frå. Vi måtte komme oss heimatte før dei vaksne sto oppatte.

Då tyskjinj kom itte nokre dage å skolde sprengje gjenstanden, va da tydele atte dei va nervøse. Dei sette fyst ei tonnje line fast i mina. So rodde dei lånkt nor te Verholminj, å gjekk ombor i enj større båte. So drog dei mina lånkt nor i Håsteinosen, dar ho vart sprengde.

Rolv Landøy nov. 2007