Skulefundas for Askvoll prestegjeld frå 1743

 

Den historiske bakgrunnen for skulefundasen er innføring av konfirmasjonen i 1736.

Dette sette visse krav til kristendomsopplæringa, og aktualiserte dermed opplæringssituasjonen hos ålmugen.

I 1739 kom så lova med ’Forordning af skolerne paa Landet i Norge’.

I året 1741 kom det skulepolitiske dokumentet ’Placat og nærmere Anordning angående Skolerne på Landet i Norge’. Her vart det lagt opp til at kvart prestegjeld, som var den

eininga ein nytta i organiseringa, fekk styre skulen som best dei kunne.

 

Det vart så etter kvart utarbeidd skulefundas for dei ulike prestegjelda.

For det som på den tida utgjorde Askvoll prestegjeld vart skulefundasen utarbeidd i 1743. Det var sokneprest Friderich Arentz som saman med fogden Hans Friis Nagel og 8 betrudde menn i prestegjeldet som stod føre utarbeidinga.

Fundasen gjev eit noko detaljert oppsett og reglar for skuleverket i Askvoll prestegjeld.

Frå starten var det omgangsskule.

I 1899 vart det første skulehuset teke i bruk i vår bygd, dåverande Værøy skulekrins.

 

Skulefundasen for Askvoll prestegjeld vart underskriven 10.juni i 1743, og

godkjend av Bergensbiskop Ole Bornemann 28.juli same året.

Dette årstalet har vi ved Værlandet skule lagt til grunn når vi dette siste året

det er skule i krinsen har arbeidd med prosjektet ’Skule på Værlandet i 261 år’.

 

                                                                           

Text Box: Framsida av skulefundas (1)                                                                               Første side i skulefundasen (2)
for Askvoll prestegjeld

                                              

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Text Box: Siste sida med underskrifter (3) frå prest og fogd, og underskrifter med bumerke til dei 8 betrudde
medarbeidarane.
 
Godkjenninga frå (4) Bergensbiskopen