Dronning Sonja på Alden

Kongeskipet ligg i skrivande stund (25. juni 2005, klokka 13.42) innapå Aldøyna og ventar på at dronninga skal komme ned att frå fjellet.

Som kjent er den norske dronninga vill etter å gå på tur, og i dag var det Alden som fekk æra av å ha ho på besøk. Ho tok seg tid til å prate litt med Fredrik før ho la til palings oppover fjellet.

Ho Gry var ute i grevens tid og tok bilete av det celebre besøket. Her er rapport frå ho:

Hei!
Her er nokre bilde frå det celebre besøk i Alda. Fekk ikkje heilt nærbilder sia vi ikkje var på land.
Ho var veldig begeistra over turen og ville gjerne komme igjen...
Elles vinka ho te oss fleire gongar, og Jofrid og Fredrik fekk handhelse på ho, og slå av ein liten prat. Ho fekk Aldekreps med seg tilbake til kongeskipet, som dei skulle ha til lunsj.

 

Ida med kongeskipet i bakgrunnen

Dronninga i lett og uanstrengt gange ned mot kaia.

 

På dette bilete står ho Jofrid og sler av ein prat med dronning Sonja.

 

I bakgrunnen ser vi dronninga og ei hoffdame (trur vi) på veg ned på kaia, i framgrunnen Ida.

 

Sjaluppen ventar

Dette fine biletet av Dronning Sonja har eg rappa frå Oslo Kammermusikkfestival sine sider.