Referat frå styremøte i Værlandet Vel 7. februar kl. 16.00

 

 

Til stades: Laila Blom, Audun Oddekalv, Astrid Thorsen Landøy,  

 og Ann Iren Bauge.

 

                   Værlandet Båt v/Gry Leite, Dag Leite og Margunn Leite

 

Forfall:       Roar Landøy (vara vart ikkje innkalla)

                   Tone N. Nybø

 

 

 

 

NORDSJØPORTHELGA – SØNDAG 5.7.09

UNDERHALDNING/KULTURINNSLAG

 

Leiaren kalla inn Værlandet Båt til styremøtet for å få deira synspunkt/innspel til underhaldning søndagen.

 

Søndagen i Nordsjøporthelga tek som vanleg til med utegudsteneste. (Dersom veret er dårleg, vert gudstenesta i kapellet.)

Det kom inn forslag til små endringar vedk. gudstenesta. Dette må drøftast med dei som er involverte.

 

Det vart bestemt at underhaldninga etter gudstenesta skal føregå i området rundt Værlandet Båt.

 

Vi vil komme attende til om det skal lagast orienteringsløype frå parken til Værlandet Båt.

 

Det vart drøfta ulike forslag til underhaldning.

Det vert teke kontakt med dei ev. aktørane etter at vi har hatt fellesmøte med Bulandet Grendalag.

 

Ann Iren Bauge

       -ref.-