Avskrift frå
protokoll frå interimstyret 14.
januar 1984.
Værlandet Vel skal
ha som føremål å arbeide med saker som kan fremje næringsliv, kultur,
fritidsaktivitetar og tiltak elles som er til nytte og glede for bygdefolket.
Foreininga må også
arbeide for å halde på, eventuelt betre dei samfunnsgoder bygda har.
Værlandet Vel skal
være eit samordnande organ, som ivaretek tiltak av interesse,
anten ved eige intitiativ, eller ved saker som er oversende av
organisasjonar eller lag.
Foreininga sitt
avgjerande organ er allmøtet.
§1. Værlandet Vel
er eit ope forum, der alle som er busette i bygda kan fremje saker. Lag/organisasjonar/institusjonar
kan be om samarbeide med Velforeininga, eller Velforeininga kan søkje samarbeid
med lag/organisasjonar/institusjonar.
§2. Værlandet Vel
skal ha eit styre på 5 medlemmer, leiar, kasserar, sekretær, samt 2
styremedlemmer. Styret veljer nestleiar. Styret skal veljast av allmøtet. Det
skal også veljast 2 vararepresentantar.
§3. Styret veljast
for 2 år om gongen.
§4. Styret skal være
samanset av 50/50% av kvart kjønn + - 1.
§5. Ved val på årsmøtet
skal det veljast minst 2 nye styremedlemmer. Desse vert tekne ut ved
loddtrekning.
§6. Alle over 14 år
har røysterett. Born under denne alder har møte- og talerett.
§7. For kvart
prosjekt Velforeininga skal arbeider med, kan det veljast eit utval.
Arbeidsutvalet skal veljast av allmøtet.
§8. I dei saker det
vert vald arbeidsutval, har dette ansvar for at prosjektet vert fullført.
Eventuelt fråfall av medlemmar i utvalet skal erstattast med nytt medlem, vald
av allmøtet.
§9. Arbeidsutvalet
skal skrive referat frå sine møte, som sekretæren i styret protokollfører.
§10. Alle saker
vert tekne opp og diskutert på allmøtet. Utvalget held styret underretta om
arbeidet.
§ 11. Allmøtet
skal kunngjerast 1 veke på førehand. Saker som skal gjerast vedtak i, skal
vere med i kunngjeringa. Hastesaker er unntatt frå 1 vekes regelen.
§12 Vedtak kan
fattast ved vanlig fleirtal. I saker som gjeld vedtektene for laget, krevst 2/3
fleirtal. Ved 2. gongs førehaving gjeld vanlig fleirtal.
§13. Søknader,
brev o. l.til andre instansar skal underskrivast både av leiar i styret og
leiar i eventuelt arbeidsutval.
§14. Allmøtet bør
haldast 1 gong i månaden, og skal ha minst 6 møte i året. Møte bør haldast
laurdag/søndag.