Felles styremøte i Værlandet Vel og Bulandet Grendalag

 

Tid: 17. februar 2005, klokka 17.30

Stad: Bulandet skule

Tilstades

Heidi Kjempenes

Arnt Henning Blom

Randi Torvanger

Reidun Melvær Norheim

Roar Landøy

Astri Thorsen Landøy

Frida Melvær

Per Vidar Nybø

Linda Landøy

 

Sak 1: "Ut i naturen"

NRK/Ut i naturen i lag med Njård skal lage eit program her i frå. Dette blir første veka i mars. Etter stormfloa ligg det mykje søppel rundt om kring i fjørene. Vi organiserer rydding. Alle ryddar i sine nærområde. "Taren" ryddar i Sørværet. Bosset skal samlast i sekkar og settast i vegkanten før neste torsdag. VV og BG organiserer henting av sekkane. Nina og Astri snakkar med ungdommane på "Taren".

Sak 2: Rutemøte på Askvoll rådhus den 23. februar

Astri, Linda, Frida, Per Arild reiser.

Heidi delte ut trafikktala. Det vert vurdert om sambandet her skal leggast ut på anbod allereie i år. På rutemøtet må vi gjere klart kva vi forventar skal ligge inne i anbodet før dette blir utlyst.

Elles må vi ta opp:

Ferje 0750 frå Værlandet: Vi har tidlegare sagt nei til dette. Det vil vi no òg. Vi trur ikkje dette vil få fleire elevar her i frå til å gå i Dale på vidaregåande. (Her hadde ei sein rute om sundagen dekka eit evt behov). Dessutan blir det vanskeleg å få levert barn i barnehagen dersom ein skal reise så tidleg. Det blir òg lenger venting på Askvoll dersom ein skal til Bergen.

Alden:Vi vil framleis arbeide for at ferja skal ha ei liggekai i Alden. Før denne kjem på plass, må ein ha eit tilfredsstillande midlertidig tilbod. Dette må på plass før turistsesongen.

Fure: Steinindustrien har behov for fleire stopp på Fure.

Toalett på ferjekaia: Værlandet Handel A/S har gjort ei avtale med Statens Vegvesen. Toalett kjem på plass før sommaren.

Godsrutene: Dersom ferjetidene blir like kvar dag, vil mykje gå lettare også når det gjeld gods. VV og BG skal arbeide for at det blir eit godsdepot på ferjekaia på Værlandet og at butikken kan vere ekspeditørar på dette depotet. Den ordninga som er i dag, fungerer ikkje heilt godt. Folk har ikkje alltid tid til å hente varene sine sjølve når ferja kjem.

Punkta som er skisserte i brevet frå VV og BG til leiar i samferdsleutvalet, Liv Henjum, skal vi også ta opp på rutemøtet.

Sak 3: Profileringsseminar på Askvoll den 2. mars

Bygdene presenterer seg kvar for seg. Laila Kråkenes lagar ein film frå Værlandet. Vi vurderer å ha ein stand der vi presenterer ulike produkt får Værlandet.

Kurt Rutledal lagar Powerpointpresentasjon frå Bulandet. I tillegg kan ein ha ein stand med t.d keramikk o.l.

Vi lagar ein sluttsekvens der vi presenterer oss som eit komplett samfunn, der skulen i Bulandet og kulturskulen på Værlandet er konkurransefortrinn for begge bygdene.

Lene Gjelsvik må ha beskjed innan 26. februar om kor mange som kjem.

Sak 4: Festivalhelg

Vi har bestemt oss for å gjenta suksessen frå i fjor med ei festivalhelg første helga i juli.

Vi vil då ha:

Fredag: vi får fat i ein humorist og arrangerer pubkveld i ungdomshuset i Bulandet

Laurdag: Marknad (næringslivet presenterer seg). Nybø Band spelar til familiedans på ettermiddagen i ungdomshuset på Værlandet og til vanleg dans om kvelden.

Sundag : Friluftsgudsteneste i parken på Værlandet. Husstyret lagar enkel middag. Familiedag med riding og kajakkpadling.

Andre idear: Idrettsarrangement, sykkelløp, halvmaraton.

Møtet slutt klokka 19.14