ÅRSMØTE I VÆRLANDET VEL

laurdag 24.03.12 kl 1500 i Bygdetunet


 


 


 

REFERAT:


 

Årsmøtet hadde 8 deltakarar.


 

Leiar Audun Oddekalv ynskte velkommen, og årsmøtet minna dei avdøydde det siste året med eit minutts stillheit.


 

Møteinnkalling vart godkjent. Audun Oddekalv fortsette å leie møtet, og Elin Blom Vesterås refererte møtet.


 

Sak 1. Årsmeldingar:


 


 

Begge årsmeldingane vart samrøystes godkjende.


 

Sak 2. Rekneskap:


 


 

Alle rekneskapa vart godkjende, men med atterhald om godkjenning av revisor.


 

Sak 3. Val:


 

Rune Kalvøy frå valnemnda la fram framlegget til nytt styre i Værlandet Vel, og medlemmar i dei ulike nemndene.


 

Framlegga vart samrøystes godkjende.


 

Sak 4. Investeringar og meir låneopptak Værlandet Gjesteheim


 

Etter mykje investering innvendig, er det no nødvendig å gjere ein del utvendig. Slik det er no, er det stor kontrast når det gjeld standarden ute og inne!


 

Styret har innhenta kostnad på material og arbeid ved skifting til vedlikehaldsfri kledning og 26 nye vindauge med nødvendig fòring/listverk. Pris eksl mva er kr 558000,-. Vedlikehaldsfri kledning er noko dyrare enn anna kledning, men årsmøtet var einige om at ein går for gå for dette. Litt lenger fram i tid er det ynskjeleg at Værlandet Vel sel huset, og då såg årsmøtet at vedlikehaldsfri kledning vil gjere huset til eit meir attraktivt hus å ta over:)


 

Årsmøtet gav styret i Værlandet Vel fullmakt til å utvide lånet med:


 

inntil kr 700000,-


 

Det skal utarbeidast ein ny intensjonsavtale med Værlandet Gjestehavn når det gjeld framtidig leigeavtale som skal dekke dei auka faste utgiftene til Værlandet Vel/Værlandet Gjesteheim.


 

I forbindelse med eventuellt auking av lån, må det takast ny takst av huset. Noverande takst er den same som då Værlandet Vel tok over huset, og er nok for låg etter dei oppgraderingane som har vore gjort + den planlagde utvendige oppussinga. Ein ny takst er nødvendig når det gjeld eventuellt utviding av lånet og framtidig forsikringsavtale.


 

Sak 5. Orientering om stiftinga Norsk Sjøfuglsenter


 

Værlandet Vel er medstiftar i Norsk Sjøfuglsenter. Audun Oddekalv er styremedlem og Arnt Henning Blom er 1.vara. Audun orienterte om korleis det går med ferdigstillinga av Norsk Sjøfuglsenter. Styret hadde fått låne ein Powerpoint som Per Arne Tveit har laga, og der fekk årsmøtet sjå ein flott presentasjon av senteret og alt det positive som drifta av dette prosjektet er tenkt å føre med seg. Det vert storslagen opning av Norsk Sjøfuglsenter den 15.juni i år!


 

Sak 6. Kystarven


 

Prosjektmedarbeidar Linda Landøy orienterte om Kystarven.

Det største prosjektet her er rydding av fjærer. I fjor vart vel 60 fjærer i Værlandet og Bulandet rydda. Ryddeprosjektet varer t.o.m 2012. «Rydding i Kystarven» har vorte lagt merke til nasjonalt, og målet er at prosjektet skal føre til ei fast ordning langs heile kysten, når det gjeld økonomi og organisering.

Linda og Kystarven har òg jobba med skilting av turløyper. Her kjem det fleire skilt i ny utforming. Det er bestillt fleire infotavler om natur, og det skal komme opp ei tavle med informasjon om næringsliv o.l. på den nye rasteplassen v/ «Landøykrysset».

So er det noko som heiter «Kunnskapsprosjektet». Dette er innsamling av insekt som er fanga i nokre spesial-feller.


 

Sak 7. Manglande mobildekning i øyane


 

Styret i Værlandet Vel har fått innspel på dette problemet. Årsmøtet er einige om at dette er ei sak som må gjerast noko med snarast, og ser det som naturleg å samarbeide med Bulandet Grendalag i saka. Eit anna problem som må takast opp, er at det mange stader er for liten kapasitet på noverande telefonlinjer når det gjeld å få tilgong til breiband.


 

Sak 8. Framtidig samarbeid med Bulandet Grendalag


 

Værlandet Vel og Bulandet Grendalag har i fleire år hatt eit naturleg, og godt samarbeid, om ein del saker. Årsmøtet ser at t.d mobildekning, lokale vegar og støtte til Atløy-sambandet er saker for samarbeid kommande år.

Tema på årsmøtet var òg at bygdene kanskje burde «slå seg ihop» og ha berre ei velforeining/grendalag på litt lenger sikt? Bakgrunn for dette er eit aukande problem med å få folk til å ta på seg diverse verv i bygdene. Kanskje ei slik samanslåing kan føre til ein ny giv når det gjeld organisasjonsarbeid i øyane? :)

Årsmøtet gav styret fullmakt til å ta dette opp med Bulandet Grendalag, og eventuell sette igong prosessen med ei framtidig samanslåing.


 

Møtet slutt kl 1730 Skrivar Elin Blom Vesterås