Styremøte i Værlandet Vel

torsdag 22.mars 2012 kl 2000 hos Audun Oddekalv


 

Tilstades: Audun Oddekalv, Reidun Norheim, Roar Landøy og Elin Blom Vesterås.


 

Sak:


 

  1. Saker til årsmøtet den 24.mars


 

-Mobildekning: Styret har motteke ein henvendelse om at det er ynskjeleg at Værlandet Vel jobbar med at øyane skal få god nok mobildekning. Slik det er no er det fleire stader/områder som framleis har veldig dårleg dekning, eller ikkje dekning i det heile. Dette er ei av dei sakene som styret vil ta opp so fort som råd, og ser òg at det kan vere naturleg med eit samarbeid med Bulandet Grendalag i denne saka.


 

-Samarbeid med Bulandet: Når det gjeld framtidig samarbeid med Bulandet Grendalag, ser styret i Værlandet Vel at det er fleire saker vi kan samarbeide om. Bl.a gjeld dette vegane i øyane, og støtte til Atløy-sambandet.


 

-Vedlikehald av Værlandet Gjesteheim: Styret i Værlandet Vel ynskjer å gjere ei veldig nødvendig oppgradering av utvendige veggar + å skifte mesteparten av vindauga. Slik det er no står det utvendige ikkje heilt i stil med slik det er vorte innvendig i huset. Hvis huset får ny kledning og nye vindauge, reknar styret med at det vil verte lettare å få selge huset på litt lenger sikt.

Det er innhenta eit pristilbod frå snekkar Olav Håkonsen på vedlikehaldsfri kledning, 26 nye glas + alt av nye lister/foringar som må skiftast inne. Denne kostnaden må Værlandet Vel finansiere med å ta opp meir lån. Værlandet Gjestehavn, som leiger huset no, er positive til å betale meir i leige pr år for å dekke dei auka lånekostnadane som Værlandet Vel eventuelt vil få.

Styret vil legge fram saka på årsmøtet.


 

Møtet slutt kl 2130


 

Skrivar Elin Blom Vesterås