Styremøte i Værlandet Vel

tirsdag 25.jan 2011 kl 1800 i staua i Bygdetunet


 

Tilstades: Audun Oddekalv, Tone Nybø, Reidun Norheim, Arnt Henning Blom, Roar Landøy og Elin Blom Vesterås.


 

Saker:


 

  1. Økonomi.

    Reidun orienterte om status pr 25.jan. Rekneskapet for Værlandet Gjesteheim er sendt inn til Askvoll Rekneskapsteneste.

     

  2. Resultat av spørjeundersøkelsen ang. legevaktordninga.

    Det er kome inn svar frå 15 husstandar i Værlandet. Dette er kanskje eit lågt tal, men det verkar som om at det helst er dei som har prøvd den nye legevaktordninga som har svart på undersøkinga. Det som går att i svara er at terskelen for å ta kontakt med legevakta på kveld, nattetid og helg er endå høgare enn før, og at reisa til/frå Førde ofte er vanskeleg/tilfeldig i forhold til offentleg transport/anna transport. Konklusjonen, når ein ser over kva folk svarar, er nok at det er ynskje om å gå attende til å ha døgnopen legevakt i Askvoll. Styret vart einige om at Audun og Arnt Henning skulle gå meir nøye gjennom dei innkomne svara, og lage til eit skriv frå Værlandet Vel som vert sendt til legesenteret v/Siv Tønder innan 31.jan.

     

  3. Værlandet Gjesteheim.

    I forbindelse med den den utbetringa vi har hatt, og endå held på med i Værlandet Gjesteheim (det utvendige sanitæranlegget og inndelinga av sovesalen til 3 soverom), må det takast opp meir lån. Dette vert ei årsmøtesak. Når det lir litt meir mot vår, og vi veit meir om dei faste utgiftene, må styret lage til ei ny leigeavtale med Værlandet Gjestehavn (tidl. Værl. Båt). I tillegg må det på plass ei ny leigeavtale med kommunen i forbindelse med Kulturskulen.

     

  4. Stiftinga Norsk Sjøfuglsenter.

    Det skal vere skipingsmøte i Norsk Sjøfuglsenter onsdag 26.jan. Det er tidlegare vedteke at Værlandet Vel ynskjer at leiar er fast representant i styret til denne stiftinga. I tillegg skal Værlandet Vel føreslå ein vararepr. Styret vart einige om at dette vert nestleiar i Værlandet Vel; Arnt Henning. Audun møter på skipingsmøtet, og har med seg fullmakt frå styret til å skrive under på skipingsdokumenta. Værlandet Vel vert medstiftar i stiftinga Norsk Sjøfuglsenter, og har gått inn med kr 5000,- til grunnkapital. Dette vert spennande å få vere med på!

     

  5. Ynskje frå Førdefjorden Vel om ruteendringar på bussruta Askvoll-Førde.

    Førdefjorden Vel har lagt fram ynskje om at bussavgongen frå Askvoll til Førde kl 1745 om sundagane vert flytta til kl 1905 for å korrespondere med Ekspressbåten frå Bergen. Dette meiner styret at vil gå utover ungdom i frå øyane som reiser attende til hybel i Førde om sundagane, då dei vil få ei ventetid i Askvoll på ca halvannan time før bussen går til Førde. Ei slik ventetid har dei allereie om fredagskveldane når dei skal heimatt, so reisetida er lang nok i helgane slik den er no. Audun har sendt epost til ordførar Aud Kari Steinsland, og ho sa at vi måtte lage til eit skriv om dette, slik at ho kunne bringe synspunktet vårt vidare. I kontakt med Bulandet Grendalag, v/Kari Helen Blikås, vart vi einige om å skrive brev ilag, der vi ber om at kommunen støttar oss i at det ikkje må endrast på avgongen kl 1745.

     

  6. Svarbrev ifrå Fjord 1 på omdisponering av ferjemateriell.

    Sist haust skreiv Værlandet Vel og Bulandet Grendalag brev ilag til Fjord 1 der det vart stilt spørsmål til prioriteringar av ferjestrekningar, og omdisponering av ferjer i rutene som går til øyane i Askvoll kommune når det vert svikt i ferjemateriellet. Dette har fleire gonger vorte ordna slik at ferja vår vert erstatta med skyssbåt, slik at sambandet Atløy-Askvoll kan gå som vanleg. Det kom etterkvart eit svar frå Fjord 1 som, i tillegg til å forklare dei ulike prioriteringane, viste til Fylkeskommunen som er deira oppdragsgjevar. Styret håpar uansett at resultatet av denne korrespondansen vert ei betring i slike situasjonar framover, og vart einige om å avvente meir brevskriving.

     

  7. E-post frå Stongfjorden Vel.

    Stongfjorden Vel har jobba med ein kampanje for å få fleire innbyggarar til bygda deira. Bl.a har dei hatt annonsar i islandske aviser. Rett før jul henvendte Stongfjorden Vel seg til Værlandet Vel og Bulandet Grendalag via ein e-post. Der vert bygdene våre inviterte med på dette prosjektet. Styret i Værlandet Vel syns dette prosjektet er eit positivt initiativ, og det hadde sjølvsagt vore ein stor fordel for Værlandet og Bulandet og fått auke i folketalet her òg. Men for å gå inn i dette må vi vite at det er ledige hus og ledige jobbar, og slik er ikkje situasjonen pr i dag.

     

  8. Årsmøte.

    Det vert årsmøte sundag den 20.februar kl 1630. Audun lagar plakat.

     

  9. Eventuelt.

    -Værlandet Vel har fått tilbod om å ta over ei brakke som har vore brukt som branndepot i Bulandet. Kommunen har vore i kontakt med Roar om dette, og styret syns det er ein god idè om denne kan brukast som redskapsbod i parkområdet ved Værlandet Gjesteheim. Roar tek seg saka, og eventuellt flytting av brakka til parken.


 

-Den eine inngongsdøra på ferja (den automatiske skyvedøra) er ikkje trygg. Det har hendt fleire gonger at folk har vorte faste i døra, pga at det er vanskeleg/uråd å stoppe den når den er på veg til å lukke seg att. Arnt Henning henvender seg til Fjord 1 om dette problemet.


 

     

     


 

     

Skrivar Elin Blom Vesterås