NY AKTIVITET I GAMLESKULEN
ÅRSRAPPORT FRÅ HUSSTYRET
Sommaren 2004 fekk Værlandet Vel, ved eit utnemnt husstyre, avtale med kommunen om å få disponere delar av huset til overnattingsstad.
Husstyret fekk eit lån på kr 50000,- frå Værlandet Vel. Det vart kjøpt inn senger, sengetøy, kjøkenutustyr, vaskemaskin, tørketrommel m.m., og i slutten av juni vart kjellaren og 1.etasje gjort klar til eit enkelt og rimeleg overnattingstilbod med felleskjøken og tv-krok. Fyrste overnattingsgjestane kom vegfesthelga i starten av juli. Same helg arrangerte husstyret kafé, i samband med utegudstenesta og familiedagen sundag på Værlandet.
Sjølv med minimal marknadsføring var det heil 200 overnattingar /gjestedøgn i huset. Overnattingstilbodet har vore nytta av familiefolk, andre reisande, "tilfeldige" turistar, turlag og skuleklassar. Sidan overnattingsbehovet ser ut til å vere aukande her på Værlandet og i Bulandet, har vi god tur på at dette er noko å satse vidare på.
Frå hausten 2004 har den kommunale musikk- og kulturskulen hatt lokale i øverste etasjen. Kunstskulen har òg flytta inn midlertidig i februar 2005. Dette ser vi på som svært positiv aktivitet i huset, og avtalen med kommunen er at vi skal få dekka utfifter med straum og vask.
Anna aktivitet i huset har vore bl.a. kafé den dagen miljøvernministeren opna Nordsjøløypa, og enkel servering ved tenning av julegrana i parken.
Planane vidare for gamleskulen er at Værlandet Vel skal kjøpe huset av kommunen. Pris er sett til kr 15000,- , tinglysing kjem i tillegg. Husstyret vil fortsette som ansvarleg for drifta av huset.
Vi ser for oss at øverste etasje inneheld kontor for Værlandet Vel, utstilling av ting frå skuletida og kultur - og musikkskulen. Når det gjeld resten av huset, vil vi bruke det til overnattings - og utleigedel. Arbeidet med å få utarbeidd branntekninsk analyse er akkurat starta. Dette må til for å få huset i godkjent stand for den nye bruken som er planlagt. Vi held óg på med å lage til ein BU-søknad, og har planar om å søkje om lån til dei nødvendige utbetringar/investeringar. Utbetringar er, i tillegg til det branntekniske, bl. a. eit betre kjøken og rominndeling for å få fleire soverom.
Vi som har arbeidd med dette prosjektet har fått veldig mykje støtte og ros av både bygdefolk og dei som har vore på overnattingsbesøk. Det er veldig viktig for oss å få fram at vi ynskjer at huset skal halde fram med å vere eit "bygdehus", sjølv om det vert nytta som overnattingsstad. Vi ser for oss eit godt samarbeid med idrettslaget, aktivitetar som 17. mai - feiring, diverse møte, klubbkveldar og familiearrangement. Vår meining er at bygdefolk skal kunne leige lokale i gamleskulen rimeleg, medan overnattingstilbodet skal skaffe nok inntekter til drift av huset.