ALLMØTE I VÆRLANDET VEL

 

LAILA LANDØY ORIENTERER OM DEN NYE REGULERINGSPLANEN TIL BRIMMEN QUARRY

 

UNGDOMSHUSET DEN 11. MAI 2005, KLOKKA 2030

 

23 personar møtte fram

 

Frå kommunen møtte

Adm sjef Alfred Vorland

Avd ing Connie Hovland

Og teknisk sjef Per Jan Ryland

Og leiar i teknisk utval Svenn Øvrebø

 

Nestleiar i VV ynskte velkommen og ga ordet til Laila som orienterte om:

 

-         Produkta til Landøy Steinindustri

-         Las opp brev frå Antolini sin danske representant som omhandla salget av Black Beauty på verdsbasis. Etterspørselen er stor. Det nye materialet Picasso ( konglomeraten ) ser dei positivt på ( kontrakt ).

 

Brimmen Quarry

 

-         fått opplæring i saging i Larvik, så no går den delen betre

-         dagens situasjon ( utsjånad mot nord )

-         Det gode salet i 2004 gjorde at den gjeldande reguleringsplanen ikkje heldt lenger. Breksja kan berre nåast frå nord og ny reguleringsplan må til for å skaffe denne atkomsten.

-         sørover i området

-         ( sjå forklaring i sjølve forslaget til reguleringsplan ) kart

-         grøntsona langs strandlinja vil komme innan 5 år (passasje til friluftsområde )

-         viste bilete frå korleis området vil sjå ut i framtida,

 

-  ynskjer ti meter fylling ut til Slåttholmen

 

Svar på spørsmål frå salen:

 

Varigheit av planen:

 

Den nye planen vil vare i 20 år dersom skrotprosenten ikkje overstig vel 70%

 

Tider for lasting og lossing:

 

Teknisk utval godtok verksemda sine ynskje om at lasting og lossing kan føregå utover driftstidene.

 

Arbeidsplassar:

 

No er  fire personar  i fullt arbeid, frå i haust treng ein ein person til, når konglomeratproduksjonen kjem i sving, treng ein ytterlegare ein person.

 

Benkeplateproduksjonen er der tre tilsette pr. i dag + ein person som tek seg av rekneskap.

 

Støy:

 

Det vert utarbeidd støysonekart og rapport om støymålingar.

 

Før den permanente vollen er ferdig utarbeidd, skal det lagast midlertidige tiltak for støyskjerming og innsyn. Innan 5 år.

 

Krava til støyskjerming er meir lempelege i dei nye forskriftene, men støynivået vil halde seg under krava fram til den næraste bebyggelsen.