Fellesmøte
mellom Bulandet Grendalag og Værlandet Vel tysdag 2.desember 2008
Til stades: Heidi Kjempenes, Lisbeth Fedøy, Tone Nistad Nybø, Jardar Melvær, Bill Steinsvik, Frank Hatlø, Rune Landøy, Linda Landøy, Rune Thistel, Nina Etterlid og Astri Thorsen Landøy.
Heidi ynskte velkomen.
Sak 1) Initiativ frå Lisbeth og Nina for å oppretthalde barnehagen i Værlandet/få til auke i folketalet igjen. I budsjettet for Askvoll kommune er Havbrisen barnehage føreslegen lagt ned frå hausten 2009. Alternativt kan barnehagen på Værlandet vere open 2 dagar i veka, eller ein kan opprette ei småbarnsavdeling. Skulesjefen er positiv til oppretthalding fordi ein kan kome borti venteliste i Bulandet. Grendalaga ynskjer å arbeide for å ha barnehage på Værlandet og i Bulandet. Vi må fronte arbeidsplassar og ha ei felles idémyldring for grendene. Denne idémyldringa ynskjer vi å få til rundt påske.
Vi oppretter ein ”folkeaukekomite” og vart samde om å spørje: Nina Etterlid, Lisbeth Fedøy, Lise Midtbøen Landøy og Laila Blom m.fl.
Sak 2) Legevaktsamarbeidet - kva konsekvensar får
det for oss om det vert ein realitet?
Det vert
folkemøte torsdag 4.desember kl.17.30-19.30 i ungdomshuset i Bulandet, der
Johan Nyhammar orientere om den nye legevaktsordninga og svarer på spørsmål. Det
er viktig at folk deltek på folkemøtet.
Sak 3) Ferjeproblematikken.
Ein samrøystes samferdslekomité i fylkeskommunen har teke tak i at vi heller ikkje i det nye anbodet får ei ferje som har universell utforming. Det vert sendt framlegg frå samferdslekomiteen til samferdsledepartementet. Knut M Olsen arbeider med saka og har lovd å gje melding så snart noko nytt skjer. Vi meiner at ferja i det nye anbodet skal ha universell utforming.
Sak 4) Bassenget.
Heidi spelte inn til bassengnemnda at dei må undersøke moglegheita for å få momsrefusjon.
Sak 5) Midlar frå Gjensidigefondet til lys ved den
gamle ferjekaia i Bulandet.
Midlane er innkomne og Frank Hatlø arbeider med innkjøp av armatur/kablar m.m.
Sak 6) Arealplanen.
Det skal vere arbeidsmøte i teknisk utval onsdag 10.desember. Vi avventar kva som kjem ut av det møtet, spesielt i forhold til funksjonell strandsone.
Sak 7) Nordsjøporthelga.
Nordsjøporthelga 2008 vart ein ny suksess, og vi er samde om at vi har eit greitt ”mønster” å arbeide ut i frå, men vi har ei skikkeleg utfordring når det gjeld å trappe ned på alt dugnadsarbeidet og få det heile meir kommersielt.
Vi ynskjer å halde fram med :
Kva nytt bør inn?
Vi legg ut info under Nordsjøportknappen og oppmoder folk om å stille opp som frivillige. Vi treng nye folk med initiativ og pågangsmot.
Ei stor utfordring er å ha nok mat til alle arrangementa.
Møte slutt kl.21.45.
Astri Thorsen Landøy
-ref.-