Fellesmøte Bulandet Grendalag og Værlandet Vel

Tid: Måndag den 4. juli 2005, klokka 20.15

Stad: Gamleskulen på Værlandet

Tilstades:

Heidi Kjempenes
Kurt Rutledal
Anne Britt Sandøy
Arne Fedøy
Randi Fedøy
Frida Melvær
Eva Solum
Astri Thorsen Landøy
Linda Landøy
Per Vidar Nybø
Arnt Henning Blom
Signe Marie Landøy

Saker:

1) Evaluering av Nordsjøporthelga 2005

Alle var samde om at det hadde vore ei svært vellukka helg.

Dei som var med og hjelpte til bør få ein applaus i Firda. Fylkesbaatane og Firda Billag fortener ei ekstra takk. Linda ordnar dette.
Ein pengesum tilsvarande verdien på gevinsten som vi fekk frå "Gavestøvelen" på Askvoll og sogehefta frå Kultur - og næringskontoret skal brukast til å dekke utgifter til plakatane for Nordsjøporthelga, resten skal brukast til å betale webhostingselskapet som heimesida leiger servarplass hos. Ein eigen konto for heimesida bør opprettast. Sponsorpengar går inn på denne kontoen.

 

Neste år:
Første helga i juli er fastsett. Vi vil snu programmet slik at pubkvelden fredag og marknadsdagen laurdag blir på Værlandet og dansane laurdag og familiedagen på sundag blir i Bulandet.

Det bør settast opp ekstra bussar også til gudstenesta sundagen.

Nybøband  vil spele.

Vi bør ha eit budsjett for neste års helg. Kanskje vi bør undersøke om det kan søkjast om pengar til dette.

Ein komité bør setjast ned fort. Grendalaga og næringslivet i begge bygdene må vere representerte.

2) Bygdeimage - forskingsprosjekt

Værlandet Vel vil gjerne vere med på dette prosjektet. Bulandet Grendalag vil gjerne vite litt meir om kva det går ut på. Dersom begge bygdene er interesserte melder vi oss på i lag.

Linda sender ein e-post til ansvarleg for prosjektet, Mariann Villa og seier i frå at vi er interesserte, men at vi vil ha litt meir informasjon om kva dette inneber før vi seier endeleg ja til å vere med.

3) Tur til Skottland  i september - kven reiser?

Turen er mest aktuell for dei som på ein eller annan måte er tilknytte reiselivsverksemdene på øyane.

To frå øyane kan reise. Værlandet Vel vil prioritere slik:

1) Gry Leite

2) Elin Blom Vesterås frå husstyret.

3) Ruth Bakke

Bulandet Grendalag vil lufte saka med sine aktuelle kandidatar og sende beskjed til Per Arne Tveit innan 12. juli.

4) Ferjeruter

Referat kan lesast hos Linda eller Kurt.

5) Anna

Fjerning av miljøavfall. Vi snakkar med Ove Nesberg om dette etter ferien.

Breiband. Det er oppretta ei avtale med Enivest om breiband på øyane. Dette blir realisert i løpet av hausten.

Mobildekninga er minst like dårleg som før. Det kjem folk ut denne veka for å teste anlegget i Bulandet. Det skal byggast ei antenne på Einefjellet, dette vil kanskje gje dekning på Værlandet.

Møtet slutt klokka 21.35

 Linda Landøy
- ref.