Skal du verkeleg ikkje sjå deg attende?

Bilete frå ein ferjetur frå Askvoll til Værlandet ein  vanleg fredag i august 2006 med M/F "Austrheim". Turen tek omlag ein time og du kan sitje i øvre salong eller på dekk og nyte den vakre Sunnfjord - naturen medan du tek deg ein kopp kaffi og pratar med kjensfolk.

Denne nye oppmodinga møter deg når du køyrer på land på Værlandet. Men skal du verkeleg ikkje sjå deg attende etter ein slik flott tur?

Samanlikn gjerne desse bileta med bileta frå ein tilsvarande tur i februar med ferja M/F "Dalsfjord" (som ikkje har salong oppe).