Værlandet Vel

V/Linda Landøy

6986 VÆRLANDET

 

 

 

Askvoll kommune

Kultur og næringskontoret

V/Lene Gjelsvik

Postboks 174

6988 ASKVOLL

 

Kandidatar til kulturprisen 2006

 

Værlandet vel ynskjer å forslå fyljande kandidatar til kulturprisen:

 

·        Peder Hansen sitt museum.

Avdøde Peder Hansen testamenterte si innhaldsrike samling av gjenstandar og sjøbua si til Værlandet Vel. Værlandet Vel meiner Peder Hansen er ein svært god kandidat fordi alt det som han har teke vare på og gitt vidare til ettertida er med på å ta vare på Værlandet si historie.   

·        Nybø band v/Per Vidar Nybø. Bandet har gjennom mange år vore viktige kulturformidlarar og sett Værlandet på kartet. Den eigenproduserte  låta ”Havet” er mykje nytta.

·        Rogavlen ”Makrelen”. Værlandet Vel er i dag eigar av rogavlen gjennom ei eiga stiftelse. Rogavlen var gjennom mange år Værlandet skule sitt prosjekt for å ta vare på den gamle måten å byggje båtar på. Rogavlen vert no nytta gjennom heile turistsesongen, og dei som sit i styret er med ”Makrelen” som mannskap.

 

 

Værlandet 30/10-06

 

Med helsing

Værlandet vel

 

-------------------------------------

V/leiar Linda Landøy