Ei historie frå krigens dagar som Harald Leite har sendt inn:
Sverre Landøy fortalde ein hendelse frå då han sat i tysk fangenskap i Dachau:
"Dei brune skoa"
Ein medfange (polakk) såg at Sverre (20-åringen) ikkje hadde skikkelege sko på seg, berre tresandalar med ei reim over. I kalde dagar vart terene ofte blå. No hadde det seg slik at når dei norske fangane fekk svenskepakkar eller danskepakkar då var det mange som ville gjere handel med dei for i desse pakkane var det mat som sardiner, buljong, kjeks og også røyk. Polakkane som hadde leva i armod lenge før nordmennene kom med i krigen, hadde meir erfaring med korleis dei skulle overleve og var difor allerede vortne ekspertar på og stele. "Skal eg skaffe deg eit par nye sko?" spurde polakken. "Kva skal du ha for det då?" sa Sverre. Dei vart einige om ei øskje sardin og noko røyk. Polakken tok mål av foten og dermed var han i arbeid. Det gjekk to dagar so kjem polakken med eit par brune fine sko, akkurat passeleg store. Sverre vart so glad for skoa at han betalte gladeleg for dei. Men korleis kunne polakken ha fiksa dette? No hadde det seg slik at nokre danskar hadde nett komme inn i leiren. Dei hadde gjordt eitkvart mot det tredje rike og skulle straffast for det. Ein dag kjem ein røseleg danske bort til Sverre og seier som so: "Du går med mine sko" Han Sverre protesterte. "Dette er mine sko, eg har kjøpt dei av ein polakk" "Nei,du har stole dei" påstod dansken. No var det nemleg slik at han Sverre kjende meget godt ein annan danske som han hadde vore ilag med i lengre tid, og han tenkte at no var gode råd dyre. Han fekk tak i venen sin og fortalde kva han var beskulda føre. Dansken vart rasande på sin landsmann og gjekk attåt han og sa: "Beskuldar du denne mannen her for å stele skoa dine? "Denne mannen stel ikkje sko" Den røslege dansken måtte tru på at Sverre hadde kjøpt dei, men skoa var likevel hans. Han spurde då Sverre om han kunne få sjå under skolappen der skulle det stå to bokstavar (hans navn). Jau, Sverre tok av seg ein sko og såg etter. Det stemde som han sa, det stod navn i dei, so dermed var den saka løyst, dansken fekk igjen sine sko og Sverre ver den som vart skolaus.