Her er nokre bilete frå jonsokfeiring og hønedåp på Vainesa i Bulandet 2007.

 

Her er bålet klart for kvelden.

Ungane nytta ventetida før båltenning og grilling med å bade

Itte heimesideskrivaren sitt syn so var da beinkaldt, men da brydde ikkje ungane seg om

Janne nyt å bade, og påstod at da var skikkeligt varmt i sjøen.

Peder derimot hadde ikkje noko tru på ditta varme badevatnet, han hadde kledd seg for alle eventualiteta.

So var da nokon som hadde lyst å bade, men som berre slappa av med å sjå på.

Gjestar til jonsokfeiringa kjem sigane til.

Jonsokfeiringa er både for gamal og ung.

Her er fyrste forsøk på å tende bålet.

Ungane venta på at dinna heimesideskrivaren skal få fyr på bålet

Dei voksne venta på å sjå bålet og

Sindre var ikkje særlig imponert øve pyromanfaktene til heimesideskrivaren, da vart berre småbål i bålet.

Men med ei flaske bensin so vert da fyr på da meste, Anne Marie er i fyr og flamme ho og.

Folk står å kikka på jonsokbålet.

Den halvanna år gamle kyllingen blei ikkje døpt i fjor, men da skal han/ho i år. Her venta vedkommande på at dåpen skal starte.

Irene er mektigt imponert øve høna til Kurt'n.

Dåpsbarnet såg skikkelig mørkt på tilværelsen ei stund, ho var usikker på om ikkje heile dåpen var noko lureri og at da var grilla kylling som stod på menyen.

Kyllingen er dandert i dåpskjole og forberedelsane til dåp er i full gong

So er den velvaksne kyllingen klar til dåpsermoni.

Jardar er prest for anledninga, den stolte "far" ber dåpsbarnet sjølv og faddera var da ikkje vanskeligt å få tak i.

Kyllingen tek seg vatn øve haue med fatning, og blei døpt "Tora-høna". Jardar bestemte navnet på sparket og sånn vart da.

Dåpen er fullført med stor suksess. Da må nemnast at itte dåpen når kyllingen kom heim til hønsehuset so banka den opp hanen og sa noko som ligna på kykleky. Kjønnet er difor framleis usikkert.

Dåpsgjestane er godt fornøgd med sermonien.

Alle fadderane kosa med dåpsbarnet itte dåpen. Dåpsbarnet har fått seg eit minne for livet, og da er berre å håpe at han/ho snart bestemme seg for legning.

Emmy nyt livet med å tømme sjøen for vatn.

So nyt ho livet med å fylle alt vatnet i havet opp i båten til heimesideskrivaren.

Jammen er da slitsomt å tømme havet med ei bytte på jonsokafta. Emmy, Monica og Dorthea tek seg ein pust i bakken.

Her er da masse fin jonsokstemning.

 

Roleg jonsokfeiring i Landøyna i år

Øyningane var so engstelege for å setje elden på heile øyna at dei ikkje torde å kveikje det store bålet. I staden hadde dei små og diskrete grillar som gjorde jobben med gourmetpylsene vel so godt som det store bålet.

Her har folk samla seg på moloen. Det var livd og fine forhold for pylsegrilling.

Dei nybakte foreldra med han Liam so opplevde si fyste jonsokaft. Ikkje sikkert han kjeme te å hugse da so godt.

Her er bålet som vi har tenkt å brenne når da bere ikkje et slikt karvande nordaråk. Men vi har tenkt å ta vekk ungane før vi kveikje då.

Her e gjengen i eit litt anna perspektiv.

Fine blomstre.

Hunden Igor hadde vore på Alden, og han ga seg no igrunnen katten i heile jonsokfeiringa.

Da gjekk an å sparke litt fotball når no bålet likevel ikkje skulle kveikjast.

Jonsokjenter

Astri og Birk. Opplagde som vanleg.

Her ser de gourmetmpylsene i all sin prakt ligg og godgjer seg på den eksklusive grillen.

Her har vi ein mann som er god å ha. Spesielt viss vi hadde kvekt bålet då.

Pylsene smakte fortreffeleg, spesielt med ganske mykje ketchup på.

Her er gjengen i nok eit anna perspektiv.

Torhild, Rune og Astri i kveldssol på moloen i Landøyna.

Her e Torhild og Astri i kveldssol på moloen i Landøyna

 

 

Under her kan ein sjå bilete frå jonsokfeiring 2006

Ei (nesten) typisk jonsokaft i Landøyna.

Ho Siri var på plass og det var ingenting å sei på veiret denne jonsokkvelden. Det var opplett og temperaturen heldt seg på rundt 12 grader (forøvrig same temperatur som på nyårsafta). På menyen stod kolsvarte pølser med frosa kjerne. Alt ved det gamle. Men dersom de ser godt etter på desse bileta kan de finne ein feil. Dei som klarer det, kan sende inn svaret her.

Det er ho Astri og han Helge som har tatt desse bileta.

Her er fleire bilete. Dei er det ho Eli Kristin som har tatt.

So har ho Siri sendt oss sine bilete frå den same hendinga:

Spesialpølsene ute i øyna fell i smak hos befolkningen.

Denne hunden heitte faktisk Anna Lovinda.

Her ser vi dei barbariske øyningane (+ei frå ein ukjend stamme) steike dagens fangst over leirbålet.

Eit midtsommar-familiebilete av Astri, Helge og Birk.

Lise og den fine hunden.


Litt jonsokbilder frå Vaineset i Bulandet
.
Her brukte ein gassgrill, Bjørn Rogne og Steinar Hillersøy var grillsjefar, og pølsene blei akkurat passeligt dandert. Desuten so vart da grilla kamskjel, sjøkreps og grillkjøt av ulike variantar. Bjørn laga og ein delikat saus til å dyppe kamskjela i. So vart da på danna vis nippa til leskedrikk av ymse slag. Da forgjekk seg tydeligvis i litt meir sofistikerte ( eller kva det no heiter) former på Vaineset enn inne i Landøyna, i alle fall dinna gongen. :o)

Gassgrillen vert klargjort til mange delikate rettar

Grillinga har starta og folk har begynt å straume til.

Bålet er tent og jonsokstemninga strøymer på

Viljar, Sindre og Tarje står og varmer seg ved bålet

Sindre og Viljar

Da vart so varmt ved bålet at ungane måtte ned til sjøen for å kjøle seg ned

So begynte bålet å brenne ut og ungane begynte å fylle på. Heimesideskrivaren vart kvitt mykje rusk og rask, pluss litt matrialer han sikkert kjem til å sakne eingong

Til slutt rauk til og med kaninhuset hans Bill med