Korleis vert dativ og akkusativ brukt i vår dialekt no for tida? Finst det reglar?

Vi er sikkert siste skanse for kasusbruk her i landa, so da gjelde å ta godt vare på dei siste restane.
Den kvinnelege heimesideskrivaren har egentle ikkje peiling på grammatikk, so dei so har vetigare måta å forklare ditta på er velkomne til å bidra. (Da e kje sikkert eg e so lette å snu vist eg har bestemt meg, men da kan vere vert et forsøk)

Hovudregel:

Dersom du, det eller dei du snakkar om er staden, eller har vore staden, skal du bruke dativ.

Døme:

Eg va enj ture i Alda går.
Eg e i Alda no.
Eg e på butikkja no.
Vi va på butikkja nett i sta.
Avisa ligge i bila.

(Butikk, Alden  og bil er døme på hankjønnsord)
 

Bussen e på bruinje. (Det er snakk om ei bestemt bru i dette tilfellet, ikkje bunden fleirtal av bru)
Båten ligge med keiinje.
Ho va den snillaste kjeringja på heile øyn'ne.
 

(Bru, kai og øy er døme på hokjønssord)

Dei e i husa.
Fogln sete i trea.
Måsn sat på skjera.

(Det er snakk om eit bestemt hus, tre og skjær. Ikkje fleirtal)

Dersom den, dei eller det du snakkar om må bevege seg for å komme til staden det er snakk om, må vi bruke akkusativ

Døme:

Ska vi ta oss einj ture innj  i Alden?
Eg ska innj i Alden i måra.
Ska du på butikken (butikkjinj)?
Legg avisa innj i bilen.

Bussen køyrde øve brua (bruna)
Ska du innj på keia når ferja kjeme?
Ska du ut att i øyna no?

Dei gjekk innj i huset.
Fogln fauk rett innj i treet.
Måsn hadde kurs for skjeret.