Hei alle saman.
Her kjem ein invitasjon til å høyre på Mette Fagerli som kjem til Askvoll 23 mars. Der vil ho halde foredrag om  merkevarebygging og produktutvikling i småskala næringar. Ho er utdanna siviløkonom frå NHH. Hennar lange erfaring frå strategisk merkevarebygging, produktutvikling,strategisk design og kommunikasjon gjer at det er ein lærerik fornøyelse å høyre på henne.Ho fengar tilhøyrane og gjev mange gode tips korleis ein kan få profilert bedrifta si på ein flott måte.
Vi får informasjon og inspirasjon om korleis lage brosjyrer, annonsar, flygeblad osv.Praktisk og nyttig!!
Ho har arbeidd i Noregs Eksportråd, Rieber & Søn Toro og den internasjonale reklamebyråkjeden Ogilvy&Mather. Idag driv ho firmaet Merkeledelse. Ho set dessutan i styret i Innovasjon Norge Hordaland og i Skandiabanken. 
Det som gjer at eg vil anbefale henne er at eg var på Reiselivskonferansen i Førde i slutten av januar i år der ho heldt eit foredrag.Fekk berre lyst til å høyre meir på henne. Få praktiske tips.
No er ho invitert til Askvoll fredag den 23.07, kl.19.30. Vi kan reise inn med ferja  og dei har ordna det slik at vi får skyss utatt etterpå.Gratis! Pris pr pers. er kr.300.- då er det innkl.litt mat og velkomstdrikk.
Prøv å få med deg så mange du kan. Send påmelding til Henny Vågane tlf.41613867. Henny har ikkje sett nokon dato for påmeldinga endå, men det er lurt å vere tidleg ute. Du kan nemne kva  bedrift du driv med slik at ho kan vidaremelde det til M.Fagerli. Då kan ho legge opp foredraget etter kva vi er interessert i å lære om.
Henny sin epost er henny@123teknikk.com
Sender omatt den mailen som eg sende for ei tid sidan, og som eg ikkje er sikker på nådde alle.Derfor sender eg no den same med litt tilleggopplysningar.Som gratis skyss og den rette prisen. 
mvh Ruth Bakke