Møte angående Nordsjøporthelga 2006 måndag 30.januar 2006

 

Desse møtte: Linda Landøy, Arnt Henning Blom, Erna Nekkøy, Heidi Kjempenes, Anne Britt Sandøy, Audun Oddekalv, Per Arne Tveit, Gunnlaug Gillesøy, Frida Melvær, Lisbet Fedøy, Anita Rogne, Gry Leite og Astri T. Landøy

 

Frida ynskte velkommen og minte om målsettinga med Nordsjøporthelga, samt at kvelden skulle avklare kor langt vi er komne i planlegginga.

 

Per Arne informerte om musikkleiren med 12 deltakarar frå Skottland og 12 frå Sogn og Fjordane. Olav Grov og han har ansvaret for avviklinga av leiren. Ein planlegg at dei involverte frå Skottland kan komme til Værlandet/Bulandet fredag 30.juni og vere med på Nordsjøporthelga, eventuelt ha kulturelle innslag, og så dra til Jostedalen måndag 3.juli, der sjølve leiren finn stad. Overnatting i Værlandet kan vere huset som stiftinga på Værlandet eig.

130000 kr. Er øyremerkt musikkleiren. I prosjektet må Askvoll kommune bidra med kr. 50000,-

 

Heidi refererte frå dei siste mailane med Peter i Skottland, og ho held kontakten med dei.

Per Arne har ansvar for å få avgarde ein meir formell invitasjon til Shetland/Skottland, håper vi får ei rask tilbakemelding, slik at hospitering vert avklara.

Likeeins veit vi at ”Swan” drar frå Baltarsund på Shetland 28.juni, med kurs for vestlandet. Om bord vil det vere 9 elevar to lærarar og mannskap.

 

Sjølve programmet så langt:

Fredag 30. juni  Pubkveld i ungdomshuset på Værlandet. Start kl.20.00. Erna avklarar med Per Vidar Ottesen om vi får til irsk musikk. Vidar ungdomslag søker om skjenkeløyve.

 

Laurdag01.juli KL.10.30 Offisiell opning av museet i sjøbua etter Peder M. Hansen. Museet held ope utover dagen og sogenemnda vert invitert til å ha stand.

Kl.11.00 tek marknaden til med mykje aktivitet i Hamna. Gry og Audun har fordelt kven som skal ringe til kven. Marknaden avsluttes kl.16.30.

Vi ynskjer mykje båt og folk i Hamna, og desse båtane vart vi samde om å kontakte:

·        Bakkejekta

·        Swan

·        Loyal (Royal?)

·        Svanhild (Frida har vore i kontakt med Trond Strømgren, dei er positive)

·        Makrelen

·        Smykkeskrinet (Rune Thistel)

·        Hittunsgavlen

 

Båtkonvoien kan gå frå Værlandet til Bulandet kl.18.00 laurdag kveld.

Hamnesjef i Værlandet: Rune Kalvøy

Hamnesjef i Bulandet: Petter Nikøy.

Audun og Gry lagar til oversiktskart. Værlandet Vel leiger lydanlegget til Bulandet Grendalag for kr. 300,-

 

Familiedans i Bulandet kl. 17.00 til 18.30.

Hovuddansen tek til i Bulandet kl. 22.00. Bussen må gå frå Hamna kl.21.30 Aldersgrense 15 år.

 

Søndag 2.juli Familie/ Kulturdag i Bulandet.

Gudstenesta tek til kl. 11.00 på uteområdet ved Bulandet kyrkje.

Etter gudstenesta er det kafé i Fiskarheimen ved Gunnlaug Gillesøy.

A/s Nikøy held ope. Dagen vil innehelde mange kulturinnslag. Ansvar: Heidi.

 

Astri avklarar med Firda Billag og Fylkesbaataane.

 

Frida avklarar med Njord både laurdag og søndag.

 

Marknadsføring: Linda legg ut informasjon på heimesida. Anne Britt tek kontakt med Firda for å få til førehandsomtale.

Vi må få ut ein informasjonsfaldar ganske snart, og ein detaljert faldar når det nærmar seg.

 

 Referent: Astri Thorsen Landøy