Møte om Nordsjøporthelga 2006

Tid: 8. januar 2006, klokka 17.00

Stad: Værlandet Båt

Tilstades:

Tor Leite
Signe Marie Landøy
Greta Fedøy
Harald Fedøy
Margunn Leite
Ruth Bakke
Elin Blom Vesterås
Magni Blom Landøy
Odd Alden
Per Vidar Nybø
Astri Thorsen Landøy
Roar Landøy
Gry Leite
Audun Oddekalv
Arnt -Henning Blom
Linda Landøy

PUNKT SOM VART DRØFTA PÅ MØTET:

* Norsjøporthelga vert første helga i juli.

* Det ser ut som musikkleiren for ungdom vert lagt til Jostedalen. Det er aktuelt at ungdommane kjem ut til oss på laurdagen og deltek med oppvising.

* Overnattingskapasiteten. Kan vi ha ein festivalcamp nord i hamna (på Stiftelsen sitt område)? Audun snakkar med kommunen og medlemmane i Stiftelsen om finansiering av grusing.

* Vi bør samle saman så mange utebord som mogeleg til denne dagen.

* Roar skal snakke med Toralf om kaiplassar og toalett i gamleposten.

* Informasjon må ut på heimesida nokso snart. Vi bør ha ei eiga side til dette. Informasjon til utstillarar: Kart over området med innteikna stands. Påmelding til Audun eller Gry (e-post og telefonnr)

* Aktivitetane (marknaden) på laurdagen varer frå klokka 11.00 til klokka 17.00.

* Gry og Audun tek kontakt med utstillarane som var i fjor. Dei tek òg kontakt med nye. Alle som kjenner nokon som kan bidra med noko, må ta kontakt med desse.

* Vi må snakke med Fjord1 om at vi må ha ei større ferje desse dagane (slik som i fjor). Vi må òg snakke med Firda Billag om å få passeleg med bussruter på laurdagen.

* Museumet i Per Hansen si bu bør vere ope denne dagen.

* Rogavlen skal vere i drift heile dagen.

* Kajakk

* Vi bør ha ein hamnesjef som viser båtane til rettes.

*Mat: Gry ordnar med noko varmmat, is, brus og kaffi. Butikken ordnar med vaflar. Thailandsk mat frå Holmedal. Gro Norheim fiskeprodukt.

*Tor ordnar med nok straum til utstillarane.

* Tombola: inntekta frå denne går til gamleskulen. Vonar alle er behjelpelege med å skaffe gevinstar.

Møtet slutt omlag klokka 18.30

Linda Landøy

- ref