SPØRJEUNDERSØKELSE FOR Å AVDEKKE YNSKJE OM PENDLARRUTE.

Værlandet Vel og Bulandet Grendalag ynskjer med denne spørjeundersøkelsen å få ”lodda” interessa for om me skal starte å arbeide for oppretting av ei pendlarrute. Ved å bruke heimesida til Værlandet og Bulandet håpar vi å treffe flest mogeleg potensielle brukarar av ei slik rute. Dette vere seg både fastbuande, så vel som personar som kan tenkje seg å flytte heimatt, dersom dei finn seg høvelegt arbeid. Henvendelsen vert i tillegg også lagt ut i alle postkassane.

Dette arbeidet er på eit svært tidlegt stadium, men i grove trekk ser vi for oss ein hurtiggåande pendlarbåt som skal gå ifrå Hamna om morgonen, med ankomst Askvoll ein ½ time etterpå.    For å få ei mest mogeleg utnytting av potensialet i ei slik rute, ser vi for oss at ruta skal ha endestopp i Dale, med retur om ettermiddagen. Total reisetid Hamna – Dale vonar vi kan ligge på 45-50 min.      Ei slik rute kan nyttast av ei rekke yrkesgrupper.


Døme på dette kan vere arbeid innan:

* helse og omsorg

* teneste- og servicesektoren

* skulesektoren (barne - og ungdomsskulen på Askvoll

* data (Elis i Dale skal auke tal tilsette frå 53 til 70 dei næraste åra)

* vidaregåande skule (Dale vgs)

* industriutviklinga på Lutelandet

 - Skuleelevar ifrå Værlandet og Bulandet, som ynskjer å gå på Dale Vidaregåande Skule.             
 - Kanskje kan ruta også vere aktuell for ungdom frå Atløy som ynskjer å gå på Dale vidaregåande?                                                                                                                                                                                -
Ei slik båtrute vil også kunne ha stjernestopp i Alden, noko som vil gje Alden eit kraftig forbetra båttilbod samanlikna med dagens ordning.

Vi trur at ei slik rute kan vere med å bidra til at vi kan få auka tilflytting av nye øybuarar. Ei slik pendlarrute vil også i seg sjølv tilføre nye arbeidsplassar.                                                                  

 Enkelte vil nok seie at dette er uråd å få oppretta. Til det må seiast at Solund har fått oppretta ei dagleg pendlarute til Austrheim Vidaregåande skule. Ruta nyttast hovedsakeleg kun av skuleelevar, og av Solund sine 800 inbyggjarar er det berre om lag 500 som ruta er aktuell for.                                       

 ( Altså ikkje stort meir grunnlag enn kva Værlandet og Bulandet kan vise til ).

Formålet med denne undersøkinga er å få ei oversikt over interessa for å få oppretta ei slik rute, og om vi skal arbeide for å få opprette ei slik rute. Vi ynskjer såleis at personar som kan tenkje seg å nytte ei slik rute om å sende ein mail til leiar i Værlandet Vel, Laila Blom,             

     mailadr.: verlandet.vel@hotmail.com                                                                                                

Denne  henvendelsen vil sjølvsagt vere heilt uforpliktande.                                                                                    

For eventuelle spørsmål kontakt: Laila Blom på tlf.577 31282, mob. 905 78 332.

                                                     Svarfrist:  15. desember 2009.

 

- Værlandet Vel og Bulandet Grendalag -