Askvoll kommune v/ordførar Aud Kari Steinsland
Ruteplan innspel frå
Bulandet Grendalag og Værlandet vel
1) Ynskje om at bussen mellom Værlandet og Bulandet Køyrer til Hillersøy og snur der på alle ruter til frå ferjeavg. Det bur fleire eldre i området og då vi ikkje har drosjeordning som fungerer er det eit behov for dette. Det er opparbeidd snuplass på Hillersøy i samband med statuane på Hillersøy slik at det er ikkje lenger eit problem for bussen å snu der.
2)
Ferjeruter: Måndagsrute alle dagar, seinrute sundag ( I
tillegg til onsdag og fredag)
( Dette er det som ligg inne i
opsjonen)
3)
Det må kome med i ruteheftet at ferja går frå Askvoll til Fure 09.15
alle kvardagar dersom trafikk til -frå Fure.( Vi har denne ordninga i dag men
berre etter munnleg avtale mellom BG og Fjord 1)
4) Ferja nyttårsafta må gå laurdagsrute som ekspressbåtane. ( I år gjekk siste ferja frå fastlandet kl. 11.50. Båten frå Bergen gjekk laurdagsrute. )
MVH for Bulandet Grendalag: Heidi Kjempenes
Værlandet Vel: Linda Landøy