Referat frå styremøte i Værlandet Vel tysdag 9.mai. 06 kl.19.00

Desse møtte: Linda Landøy, Nina Kjempenes, Signe Marie Landøy og Astri T. Landøy

Forfall: Roar Landøy, Arnt Henning Blom.

 

Sak 1) Nabovarsel frå Målfrid Hittun og Reidun Hittun gardsnr.60 bruksnr. 6. Bua skal frådelast og seljast.

 

Sak 2) Reguleringsplan frå Brimmen Quarry. Varsel om oppstart av planarbeidet.

 

Sak 3) Linda refererte frå møtet mellom Askvoll kommune og alle velforeiningane i kommunen.

 

Sak 4) Linda og Kurt har levert bilete til Fylkesarkivaren, så nå er arbeidet med bildebevaring godt i gong. Nå er det opp til dei ansvarlege å få alle dei nødvendige opplysningane på plass.

 

Sak 5)  Vi har fått svar frå fylkeskommunen vedrørande søknaden som museumsnemnda sende pålydande kr. 39000,- Det vart avslag, denne gongen vart to båtar prioritert.

 

Sak 6) Førespurnad om innspel til fylkeskommunen til det skisserte opplegget for Sandøy og Alden. Begge rutene bør sjåast under eitt meiner fylkeskommunen, og løyvde midlar er sett til kr. 500000,-.

Grunnpakka er to avgongar to dagar for veka. Fylkeskommunen kan tenkje seg å be om pris på ekstraturar dei dagane det allereie er oppsett rute. Tur søndagane i sommarhalvåret.

Fylkeskommunen ber om attendemelding på om opplegget bør vere fast eller fleksibelt. Fristen er kort, 15.mai. Askvoll kommune ber om å få fristen utsett. Ein må få tid til å ha møte med innbyggjarane i Alden og på Sandøy.

 

Sak 7) Bossavtalen.

Linda las avtalen som Johannes Anonby Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen har laga til. Vi var samde om at avtaleteksten er svært bra. Vi trur at vi for kr. 10000,- vill kunne få rydda eindel kvart år samt å få frakta bosset til hentestad for SUM. Linda refererte og innspela frå Håkon Grepstad SUM, og vi vil be Fylkeskommunen om å dekkje dei ekstrakostnadene som SUM skal ha for å frakte vekk bosset.

Sak 8) Vi spør Værlandet idrettslag om spleiselag til eitt lastebillass med sand på badestranda i Soknavågen.

 

Sak 9) Bjørn Fjellheim frå Kystmuseet kjem ut onsdag 10/5 for å sjå på bua og samlinga etter Per Hansen. Linda, Inger, Sigmund og Ruth er med.

 

Sak 10) Vi oppmoder alle om å hjelpe til med slåing av parken i sommar.

 

Sak 11) Roar, Arnt Henning og Astri har malt dei fleste glaskarmane utvendig i gamleskulen. Elles er det gjort ein kjempejobb med flytting av kjøken m.m. Det ser ut som alt vert klart til 17.mai.

 

Sak 12) Inger og Hjørdis planter ved minnestøtta på gravplassen til 17.mai.

 

Møte slutt kl. 20.10