Styremøte i Værlandet Vel søndag 11.02.2007

 

Til stades. Linda Landøy, Nina Kjæmpenes, Roar Landøy, Astri Thorsen Landøy, Audun Oddekalv og Arnt Henning Blom

 

 

 

Sak 1) Innkomen post

 

Sak 2) Samarbeidet mellom Værlandet/Bulandet og Skottland/Shetland.

Astri informerte om turen til Aurland, og gjenvisitten til Shetland. Tema er å sjå på korleis små bedrifter greier seg/tilpasser seg eit ukantstrøk.

Linda orienterte om arbeidet som vart gjort den veka folk frå Skottland/Shetland og Jostedalen/Aurland var på besøk. Gruppearbeid der deltakarane gav uttrykk for positivt og negativt ved bygdene våre. M.a. fekk begge butikkane godt skussmål.

Øypasset vart lansert, eit stemple når du t.d. har besøkt Alden, steinindustrien m.m. Linda var på gruppa som tok føre seg fuglebestanden i øyane. Utgangspunktet vart vernereglane og ei fuglebok. Vi må få til ein måte å presentert ornitologien i Sørveret. Intakt låglandsmyr av internasjonal verdi er hekkeområdet i Sørveret. Roger Kløvtvedt kom med ein svært god ide, engasjere internasjonale voluntørar til fugleteljing. Vi bør og dra til Shetland for å sjå korleis dei presenterar sine fuglarområde. Eit internasjonalt samarbeid er her viktig.

 

Sak 3) Flytting av sakene frå sjøbua til Magni over i Engelbua. Dette vert gjort måndag 12 februar kl.17.00. Arbeidet vidare er å få i orden det elektriske anlegget, få ordna toalettet og elles det som er naudsynt. Vi må hugse å søke om midlar.

 

Sak 4) Søppelproblematikken i Sørveret.

Vi må ta kontakt med Askvoll kommunen i gang igjen prosessen. Kommunen må hjelpe oss med å få dei rette instansane på bana. Linda tek seg av dette.

 

Sak 5) Nordsjøporthelga 2007. Sjå utlagt program på heimesida.

Vi fordel arbeidsoppgåvene når det nærmar seg

Sak 6) Årsmøtet vert 17.mars. Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 8.mars.

Valnemnda får lista over folk som er på val.

 

Sak 7) Astri tar ny kontakt med Jermund Landøy for å få ordna gravsteinen til Per Hansen.

 

Sak 8) Kafé i gamleskulen søndag den 15.april.

 

Sak 9) Eventuelt

Ingen saker på eventuelt

 

Møtet slutt kl.22.00