Styremøte i Værlandet Vel
Sundag den 13. november 2005, klokka 2030 i gamleskulen.
Tilstades:
Astri Thorsen Landøy
Roar Landøy
Signe Marie Landøy
Linda Landøy
Audun Oddekalv
Per Vidar Nybø
Arnt Henning Blom
Frå husstyret
Erna Nekkøy
Elin Blom Vesterås
Janne Ytterøy
Laila Blom
1) Orientering om arven etter Per Hansen
Huset skal tømmast for gjenstandar, vaskast og seljast. Marit Klausen (verge for Per Hansen) og Elin B. Vesterås går igjennom huset for å sjå om der er møblar og ting som kan vere til nytte i Gamleskulen.
Værlandet Vel har vore og sett på bua og museumsgjenstandane. Per Vidar skal ta kontakt med Kystmuseet etter nyttår. Vi skal ta kontakt med eldre folk som kan vere med oss å gjere ein jobb med katalogisering/sortering av gjenstandar:
Klara Nybø
Toralf Værøyvik
Inger Blom
Sigmund Blom
Arne Kjempenes
Arvid Vesterås
Olav Vesterås
Bjarne Landøy
Vermund Landøy
Elles: det skal opprettast ein konto som skal vere til stell av gravene og Værlandet Vel skal ordne med dette.
2) Sluttrapport frå Naturbruksprosjektet
Ein fin rapport med mange fine bilete frå Værlandet.
Sak 5: Anna
Eit firma i Førde har kjøpt Soknavågen og vil gjere det om til leilegheiter. Askvoll kommune vil gå i mot bruksendring.
Værlandet Vel vil sende fylgjande brev til Teknisk kontor v/ Per Jan Ryland og utval for teknisk sektor v/ Stein Helle
KOMMENTAR TIL SAK 117/05 I UTVAL FOR TEKNISK SEKTOR: BRUKSENDRING AV NÆRINGSEIGEDOM TIL FRITIDSEIGEDOM GNR 60 BRN 107 VED SOKNEVÅGEN PÅ VÆRLANDET
Bygningane i Soknavågen har stått til nedfalls sidan Alex Vassbotten ga opp verksemda si her. Området består av kaiar og bygningar som har vore nytta i fiskeoppdrett tidlegare. Det ber preg av sterkt forfall.
Værlandet Vel ser det som svært viktig at det blir lagt til rette for at ny næring kan etablerast her. Vi meiner det vil vere svært postitivt for bygda om dei omsøkte planane kan realiserast. Her er det nytt initiativ, friske pengar og ny næring som kjem alle til gode.
Gjort på rette måten, vil dette initiativet styrke Sørværet som naturreservat.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har nettopp avslutta Naturbruksprosjektet. Dette prosjektet hadde som mål å legge til rette for ny næring i og ved verna område.
Vi ser ikkje noko problem med at dette området vert omregulert til anna næringsverksemd, som t.d utleige slik det er skissert i søknaden.
Vi er meir tilbakehaldne dersom området er tenkt brukt til private frtitidsbustader.
Det er eit sterkt ynskje om at utvalet ikkje tek endeleg avgjerd i saka før dei har vore på synfaring.
Sak 3: Kafé i gamleskulen den 20. november klokka 16.30
PowerPointpresentasjon frå Skottlandsturen lagar Linda, resten av styret og husstyret bakar kaker.
Vi fortel, køyrer presentasjonen, og pratar litt igjen.
Vi planlegg korleis vi skal angripe skottehelga.
3) Skottehelga
· flest mogeleg frå styret må vere med i temaparken og ut i floren til Liv på fredagen.
· Laurdag: Roar kan køyre, Anne Britt køyrer
Fiskeindustri
Skulen
Galleri
Utsiktpunkt
Gamleskulen på Værlandet klokka 14.00 – 17.00,
Rundstykke og fiskesupe og litt kaker til kaffien, vi spør Nikøy A/S om dei kan ordne dette. Elin tek kontakt med dei
Presentasjonar:
Bygdene presenterer seg
Ueland snakkar om Nordsjøløypa
Astri snakkar om Nordsjøløypa på Værlandet.
Aud – Kari Steinsland og Trond Lekve snakkar om kommunen.
Sundagen:
Bedriftsbesøk i Brimmen, Astri vert med.
Tysdag den 15. november vert Linda, Laila L. Laila B. , Gry , Audun, Anne Britt og Frida skal vere med å planlegge i lag med Per Arne i gamleskulen klokka 16.30.
4) Tenning av julegran i parken den 27. november klokka 17.00
Roar og Bjarte ordnar tre og lys.
Husstyret lagar gløgg, saft, kaffi og peparkaker.
Linda Landøy
- ref -