Styremøte i Værlandet Vel

 

Måndag den 23. mai 2005, klokka 2000.

 

I Gamleskulen

 

Tilstades:

 

Astri Thorsen Landøy

Per Vidar Nybø

Arnt Henning Blom

Signe Marie Landøy

Roar Landøy

Linda Landøy

Audun Oddekalv

Elin Blom Vesterås ( Husstyret )

Erna Nekkøy ( Husstyret )

 

Saker

 

1) Hjartestartaren er kommen og betalt ( 23 500, - ). Det er komme inn kr 20773,12

 

Signe Marie sjekkar om vi kan få att momsen, for då klarar vi oss med dei innkomne midlane, om ikkje spør vi om å få noko av inntektene frå  tombolaen under vegfesten 2. juli, i og med at ingen av verksemdene i Bulandet har støtta hjartestartaren her på Værlandet. Linda skriv takkebrev til gjevarane.

 

2) Gamleskulen:  Elin orienterte

            

-         rekning for renovasjon første halvdel 2005 tek husstyret

-         Bygdeprisen: 12000 kroner, kan det gå til oppvaskmaskina? 21900 kosta den. Lydanlegget i ungdomshuset er det finansiert? Dersom det er det kan vi bruke bygdeprisen til oppvaskmaskina.

-         Lån i banken, vi kan få 200 000 når vi har fått tinglyst skøytet.   Kjøp av hus inkl tinglysing vil koste17000 kroner

-         Vi har 560 forhåndsbestilte overnattingar til no.

-         18. juni kjem det teater ( ”Splint” med Åfjorddalen U.L ), dei skal overnatte her (15 – 20 stykke).

-         I dialog med teknisk etat, det er uklart om  dei har oppfatta at vi meiner alvor med dette og dermed vil at saksgangen skal gå så fort som det let seg gjere.

-         Trappa til rømmingsvegen på nordsida er på plass!

-         Dør kjem

-         Gipsplater i dei nye rømningsvegane

-         Brannvarslingsanlegget skal monterast Har fått tilbod frå Holmedal Elektriske. Vurderer å hente tilbod frå Siemens og Fristad.

-         Kommunen vil gje oss dispensasjon til å drive overnatting fram til vi har fått dei resterande tiltaka på plass

 

3)     Seniorskyss: melde i frå til nærmiljøsentralen om korleis vi vil organisere seniorskyss. Dette er eit tiltak         som     er under planlegging. Ringe til Astrid Halstensen og seie i frå at vi kan vere med.

 

4) Skilting

 

Det bør settast opp skilt ved drikkevatn.  Arnt Henning ordnar til Gåsevatnet. Vi bør prøve å få kommunen til å sette opp ved Duvatnet i og med at det er drikkevasskjelda til Bulandet.

 

Parkering / stopp forbode skilt bør komme i innkøyrsla til parkeringsplass og butikken. Statens Vegvesen har sett på det i dag.

 

Det lause skiltet (oppstillinga til ferjekøa ) bør festast skikkeleg, slik at det ikkje vinden riv det ned og folk  / materiell blir skada.

 

5) Anna

 

Målinga av bruene / stenging medfører store ulemper for lokalsamfunna

 

Det går i særleg grad ut over

 

 -    verksemdene

-         kulturskulen

-         arrangement

-         Njordsymposiet

-         Posten

 

Dette bør ein finne betre løysingar på så snart som råd. Statens Vegvesen var på synfaring i dag òg dei fekk då røynsle med problemstillinga.

 

Rutetilbodet til Alden

 

Det ser ikkje ut til at det blir gjort noko meir frå noko hald før ein veit om det blir noko av den nye tidlegruta til ekspressbåten Nordfjord / Bergen.

 

 

Møtet slutt  klokka 21.37

 

Linda Landøy

- ref