Styremøte i Værlandet Vel

26.09.05, klokka 20.00 i gamleskulen.

Tilstades:

Astri
Linda
Per Vidar
Roar
Signe Marie
Arnt - Henning

Saker:

1) Brev og meldingar

Værlandet Vel har sendt brev til Askvoll kommune om Værlandet skule sin part i arven etter Peder Hansen. Kommunen svarar i sitt brev at dei overdreg Værlandet skule, det vil seie Askvoll kommune, sin part til Værlandet Vel.

3) Kandidat til fylkesprisen for idérike bygdesamfunn

Værlandet vel vil føreslå Jostedalen Bygdelag. Linda sender inn forslaget med grunngjeving.

Her er eit forslag til grunngjeving:

"Jostedalen framstår som eit positivt og attraktivt bygdesamfunn. Jostedalen er flinke til å nytte den flotte naturen både i marknadsføringa av bygda og i det å skape aktivitet i lokalsamfunnet. I Jostedalen viser dei òg at dei kan skipe til ulike kulturtiltak som knyter bygda saman med omverda på ein god måte."

2) Farten over bruene/nesten-ulykker

Mange held for høg fart på dei uoversiktlege strekningane over bruene. Vi skriv brev til fylket om dette, med kopi til kommunen og lensmannen.

4) Anna

Referat frå Astri og Linda sin tur til Skottland

Sundag den 23. oktober klokka 16.30 vert det kafé i gamleskulen der vi viser bilete frå turen og diskuterer korleis vi skal samarbeide med skottane i tida framover. Vi vil og nytte tida til å snakke om korleis vi skal ta i mot skottane når dei kjem på besøk i november.

Møtet slutt omlag klokka 21.15

Linda Landøy

-ref