Styremøte i Værlandet vel søndag 09.09.2007 kl.19.00 i Gamlekulen

Styret: Bjørg Landøy, Bengt Ronny Landøy, Linda Landøy, Roar Landøy, Nina Etterlid og Astri Thorsen Landøy

Husstyret: Elin Blom Vesterås, Janne Ytterøy, Laila Kråkenes Blom og Linda Landøy.

Museumsnemnda: Sigmund og Inger Blom

Sak 1 ) Gamleskulen – kven vil drive frå nyttår? Elin orienterte om ”stoda” pr. dags dato for gamleskulen. (sjå vedlegg) Husstyret kan tenkje seg ei løysing der Værlandet Vel leiger ut utleigedelen til ein person eller fleire, som kan tenkje seg å drive med utleige. Værlandet Vel bør få leigeinntekter som kan dekke heile lånet og ein sum til vedlikehald. Værlandet Vel bør og stå som utleigar til Askvoll kulturskule. Per Arne Tveit og Roar Werner Vangsnes har sagt at dei kan hjelpe til med utarbeiding av drifta. Elin tek kontakt med Per Arne og Roar Werner.

Husstyret vil ha ein dugnadsfest i haust (starten på november), vi spør Gunnar og co. om å vere kokkar, velstyret tek ansvaret for å organisere ”dugnadsfesten”.

Elin tok og opp at dagleg bruk tilseier at gamleskulen bør ha eit anna namn, som ikkje har tilknyting til skule. Ny drivar vel høveleg namn.

Sak 2) Museum /pengenaud/tiltak. Styrevedtak på kven som vil disponere kontoen. Skal folk få båtfeste i tilknyting til museet?

Styret i Værlandet Vel vedtek at Inger og Sigmund Blom skal stå som disponentar av kontoen til Museumsnemnda. Inger og Sigmund Blom tek på seg jobben.

I museet er det gjort to store jobbar, røyrleggjarrekninga kom på kr. 15521,- og elektrikarrekninga kom på 33311,-. Museumsnemnda har fått lovnad på kr. 20000,- frå Stiftelsen, men vi har ikkje nok pengar på kontoen til alle rekningane. Sigmund Blom har betalt rekninga til rørleggjaren, og kan vente med å få attbetalt, heldigvis.

Prisar ved besøk er satt til kr. 20,- pr. barn/honnør og kr. pr. 40,- vaksen. Prisane er gjeldane frå nyttår og fram til då satsar vi på at dei som vitjar museet yter ein skjerv.

Museumsnemnda tek ansvaret for arrangementet. Mat: Lapskaus og natronkaker. Janne ordnar den kulturelle biten.

Sak 3) Båtplass ved bua til Per Hansen:

Vi leiger ut båtfeste vestapå Engelbua. Opparbeide ein gangvei vestapå. Kan ligge uttapå bua, men ikkje gå igjennom bua. Leigeavtale gjeld i 5 år om gongen. 1000 kr for året i leige. Avtalen kan seiast opp av begge partar med to månaders varsel. Dersom museet treng båtplass til eige bruk, må leigetakaren gjere plass til museet sine farty for kortare eller lengre periodar.

Sak 4) Nudiststrand

Forslag frå styret i Værlandet Vel fjøre aust for Myrevågen. Mona Værøyvik eig området. Vi sender forslag over til kommunen og overlet til dei å snakke med grunneigar.

Sak 5) ”Sjå deg ikkje attende”

Værlandet har fått skiltet vederlagsfritt mot at vi lagar ein ”happening” rundt dette.

Få på plass ein plakett med namn og dato for overrekkelsen?

Anne Britt dekkar det for Firda. Spørje Trude om Vestlandsrevyen.

Andre deltakarar:

Kunstnaren Anders Tomren

Styret i Værlandet Vel

Styret i Bulandet Grendalag

Ordføraren

Kultur og næringskontoret (Lene eller Per Arne halde takketale?)

Laurdag den 22. september. Klokka 13.00. Vi prøver å få Førde Kammerkor til å hjelpe oss? Kontakte Margrethe Henden Aaras. Astri snakkar med ho.

Sak 6) Frivillighetsprisen 2007

Styret har mange gode kandidatar å velje mellom, og etter litt diskusjon valde vi ein kandidat som vi nominerer.

Sak 7) Branndepot i ekspedisjonsbygget på ferjekaia. Helge Landøy tek kontakt med Arild Kristiansen for å få til ei avklaring.

Sak 8) Evaluering av Nordsjøporthelga. Kven skal delta saman med Bulandet Grendalag?

Styret foreslår at Nina, Linda og Astri deltek frå styret og vi prøver å få med Gry frå dei næringsdrivande og Sølvi med fleir frå ungdomslaget. Linda avtaler møtedato med Heidi.

Sak 9) Infotavle på ferjekaia.

Tavla bør innehalde informasjon om næringslivet, overnatting, guiding og andre sjåverdige ting. Bengt Ronny tek kontakt med bedriftene m.m. og ordnar layouten og får det i trykken.

Sak 10) Bosset i Sørveret

Per Arne Tveit har fått i oppdrag frå teknisk etat å få til ei ordning som kan fungere i praksis. Per Arne kjem ut med Håkon Grepstad frå SUM, Tore Gundersen frå Statens Naturoppsyn, fylkesmannen ved miljøvernavdelinga og eventuelt media. Linda tek kontakt med Per Arne for å få til eit snarleg møte.

Sak 11) Innkomen post

Invitasjon til Nordsjøløypemøte på Kystmuseet 16/10. Vi kan ikkje delta, men sender skrifteleg info om aktiviteten i løypa vår.

Invitasjon til bygdesamling i Fjærland.

Sak 12) Brev til teknisk etat.

Vi sender brev vedrørande:

Møte slutt kl.21.10

Astri Thorsen Landøy

- ref