Styremøte
i Værlandet Vel laurdag 20/9 2008 kl.16.00
Til stades frå styret: Nina Etterlid, Audun Oddekalv (vara), Bjørg
Landøy, Tone Nistad Nybø, Linda Landøy og Astri Thorsen Landøy.
Forfall: Bengt Ronny Landøy og Roar Landøy
Frå husstyret: Elin Blom Vesterås
Sak 1) Framtidig drift av Værlandet
Gjesteheim.
Elin orienterte om leigeinntekter/faste utgifter så langt i 2008 .
Elin skisserar at ho kan tenkje seg å fortsette dersom dei er to
personar
som driv gjesteheimen og at desse to har like mykje ansvar.
Styret arbeider vidare mot ei løysing som ikkje inneber like mykje
dugnad
som det har vore til nå.
Dei kr. 50000,- som Værlandet Vel v/husstyret har lånt frå kontoen til
Bygdetunet må vi kunne omgjere til ein gåve til gjesteheimen på
neste
årsmøte.
Linda snakkar med Per Arne Tveit om han kan hjelpe til med å gjere
drifta
av gjesteheimen attraktiv.(som gratis konsulent)
Vi avventar kva som skjer på statsbudsjettet angåande sjøfuglsenteret.
Gjesteheimen må og avklare om vi skal inn under Norske Vandrehjem.
Sak 2) Askvoll kommune si
heimeside.
Linda refererte brevet frå kommunen og styret er samde om at vi sender
inn kort informasjon om velforeininga og link til heimesida til
Værlandet
og Bulandet. I den samanheng må Værlandet vel få revidert
sine vedtekter. Dette må og vere ei årsmøtesak.
Sak 3) Seniorfest
Astrid og Rolv Landøy gav ei pengegåve til Værlandet vel etter deira
140års dag. Formålet med pengegåva var at dei skulle brukast til
seniorfest.
Styret ynskjer å ha festen i Gamleskulen. Dato: Laurdag 15.november.
God mat og drikke.
Astri sender invitasjonar til alle på Værlandet som er over 60 år.
Vi spør Tor om han kan spele trekkspel og Jardar om
han kan kåsere.
Svarfrist: 1.november.
Sak 4) TV aksjonen 2008.
Ingebjørg, Torhild, Linda og Astri går med bøsse.
Sak 5) Ruspolitisk plan for
Askvoll kommune.
Planen er ute til brei høyring og vi må ha innspel innan 9.oktober.
Vi støtter HSU sitt vedtak 27/08 av 4/6 2008, men Værlandet og Bulandet
treng minimum 4 løyve. Vi treng løyva til julebord, haustens havets
festbord samt to løyver til Nordsjøporthelga. Dette er arrangement som
er
innarbeidde gjennom fleire år og er blitt ein tradisjon.
Sak 6) Bossinnsamling i Sørværet
og Sjøfuglsenteret.
Linda har sendt brev til Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet og
Fylkesmiljøsjef Nils
Yndestad. Johannes Anonby hos fylkesmannen si
miljøvernavdeling har bedt velforeininga
om å kontakte SUM for å få ny
kostnad
ved å frakte vekk bosset som nå ligg i reservatet. Airlift har
tilbode seg å frakte bosset til nærmaste
veg/oppsamlingsplass for kr.5000.
Dette
må vi nytte oss av og 18.oktober er førebels ryddedag. Styret opp-
modar alle om å bli med på rydding den laurdagen.
Audun
kjøper inn storsekker på vegne av velforeininga.
Vi avventar kva som skjer på statsbudsjettet i oktober angåande sjø-
fuglsenteret. Brev er sendt til alle involverte partar.
Sak 7) Førespurnad om støtte
til bokprosjekt om Alden, Værlandet og
Bulandet.
Værlandet Vel kan støtte med gratis overnatting i gjesteheimen dersom
det
ikkje kjem i konflikt med anna overnatting.
Sak 8) Støtte frå fylkesmannen
på kr. 10000,- til ungdomsutvekslinga under
Nordsjøporthelga. Vi skriv under på skrivet frå fylkesmannen, og
dokumenterer alle inntekter og utgifter vi har hatt i samband med
arrangementet.
Møte slutt kl.19.00