Referat frå styremøte i Værlandet Vel søndag 26/3 kl.20.00 i gamleskulen.

Desse møtte: Roar Landøy, Signe Marie Landøy, Arnt Henning Blom, Linda Landøy, Nina Kjempenes, Elin Blom Vesterås (frå husstyret) og Astri Thorsen Landøy.

 

Sak 1) Elin orienterte om gjennomførte og planlagde endringar i gamleskulen.

Det er gjort inndeling til fleire smårom i andre etasje, slik at der nå er ein stor sovesal og fire enkle soverom. Det er planlagd flytting av kjøkken inn i den gamle sløydsalen. Det medfører at det av branntekniske årsaker må ha ei ny dør i søre enden av opphaldsrommet(det gamle mediateket). Det kan gjerast ved at det eine vindauget vert bygd om med dør og trapp.

Rørleggjararbeidet vil komme på ca.13000,-

Nytt belegg vil koste om lag 28000,-

Det er og planlagd å byggje to toalett i andre etasje. Det går og ann å få til dusj ute i sanitæranlegget. Det lekk i taket over sanitæranlegget, så der må det bygges nytt tak.

Kor mykje av dette som vert gjort avhenger av kostnaden,. og kor mykje ein kan få i tilskot. Per Arne Tveit arbeider med BU søknaden i veke 13.

Skal kjøkkenet flyttast må det vere ferdig til 17.mai. Gamleskulen har ca.90000,- på konto. Så langt har ein tingingar av om lag 900 overnattingar frå starten av juni.

Husstyret avventar vidare marknadsføring til endeleg godkjenning av huset.

 

Sak 2) Innspel til Dalsfjordveka.

Det er ingen direkte innspel frå velforeininga.

 

Sak 3) Rullering av arealplanen. Kommunen ber om innspel til sjølve planprosessen.

Vi sender tilbakemelding til Askvoll kommene der vi signaliserer at vi er positive og vil vere med å leggje til rette for kommunens møte med grunneigarane. Vi meiner at det nyttig og nødvendig at Værlandet har ein plan over kva område som skal nyttast til næring, til bustadhus og til hyttebygging.

Vi ber og om å få tilsendt eksisterande plan for Værlandet.

 

Sak 4) Nordsjøporthelga 2006.

Værlandet Vel i samarbeid med husstyret skal ha tombola/loddsal under marknaden og vi fordelte kven av oss som skal tigge gevinstar kor. (alles favorittsyssel!)

Sak 4) Miljøvernminister besøk 20.-21 04. Jostedalen og Værlandet. Temaet er bruk og vern. Det skal vere planleggingsmøte med Per Arne Tveit onsdag 5/4.

 

Sak 5) Ferjeproblematikken.

Vi har fått signal om at Austrheim kjem attende til påske, men at den ferja berre skal gå fram til månadsskifte august/september. Vi vil at eit møte med Bulandet Grendalag snarast, og saman med dei drøfte utspel. Vi tar og saka opp på fellesmøte med velforeiningane og Askvoll kommune onsdag 29.mars.

 

Sak 6) Kommunens møte med velforeingane onsdag 29/3-06. kl.18.00

Desse reiser: Linda, Nina og Astri.

Tema vi tek opp:

 

Sak 7) Vidare arbeid i sjøbua etter Per Hansen.

Linda har sendt søknad frå museumsnemnda til fylkeskommunen sin kulturavdeling. Vidare har museumsnemnda sendt søknad til Stiftelsen Alvhilds minne til Værlandets vel, og fått lovnad om kr. 20000,-.

Nina ringjer til Kystmuseet for å høyre om dei kan kome med råd.

 

Sak 8) Eventuelt

Møte slutt kl.22.00

Referent: Astri