Søndagstur til fjelltoppen Dokka, 756 moh.

Einar Helleseth stilte opp som turleiar søndag 1.juni, for å guide 15 øyfolk
til topps på Dokka. Vi starta ved vassverket i Holmedal og kom ned igjen ved
Helleset like ved Ringstadkrysset. Ein flott tur for to og firbeinte, og
meir stigning enn det vi er vande med. Men vi var godt nøgde med oss sjølve,
sjøl om lokale fjellvande (sjå bilete) bruke berre halvparten av tida vår til
toppen.
Stor takk til Einar for trygg og god losing i Askvollfjella.