TRAVLE, MEN TRIVELEGE, TIDER VED GARNMONTERINGA !

Det arbeider for tida 9 personar ved Værlandet Fiskeredskap AS (inkl. ekstrahjelpene).

Dette skuldast at det er høgsesong for klargjering og levering av garn for komande sesong.

På bileta kan ein sjå eit lite utval av båtane som har besøkt oss på nyåret for å hente vinterbruk.

Dette er båtar som har alt garnbruket lagra på Garnhotellet vårt, og der vi har sett over bruket og supplert med alt som trengst av nytt bruk og utstyr

Båtane er:

KLIKK PÅ BILETA, SÅ FÅR DU DEI STØRRE.

img_2029.jpg (60694 byte) IMG_2037.jpg (71162 byte) M/S Fanøyvåg ifrå Fanøy utforbi Florø. Dette er ein heilårsdreven garnbåt med skiftordningar. Og såleis er ein betydeleg kunde hos oss.

img_2172.jpg (43934 byte) img_2177.jpg (59962 byte) M/S Boaneshav, ifrå Austevoll. Dette er ein kombinert not/garnbåt. Båten er rigga for både garn og not samstundes.
img_2180.jpg (32710 byte) img_2183.jpg (35107 byte) M/S Teineskjær, ifrå Sund kommune på Sotra, denne er eig av 4 brødre i alderen 25- 35 år. Båten er rigga for garn og teiner.
img_2167.jpg (53165 byte) M/S Stormhav, ifrå Bremanger. Dette er den andre båten til 4 svært så driftige Bremangerungdomar.

To av dei viktigaste grunnane til att vi har det travelt er: Garnhotellet og Værlandsgarnet.

Garnhotellet er vorte særs godt nytta av båtane på strekningen Karmøy-Bremanger. Her kan dei leige seg det dei treng av lagerplass til bruket sitt.

Samstundes fører dette til at vi får supplere med alt det som båtane treng av nytt utstyr.

Ein annan viktig ting til at vi opplever auka etterspørsel skuldast introduksjonen av Værlandsgarnet.

Værlandsgarnet medfører ein rekke fordelar for fiskarane, samnlikna med eit tradisjonelt garn.

75 % av alt vi leverer av bruk, er Værlandsgarn.

Vi har utvikla Værlandsgarnet i lag med fiskarane over dei siste 2 åra.

Værlandsgarnet er patentert og merkevareregistrert. Vi har også søkt patent i utlandet.

Iløpet av kommande år vonar vi å få på plass eit forhandlararnettverk oppover langs kysten

Værlandet Fiskeredskap kjem snart med 'Nyheitsfelt' på sine eigne heimesider. Følg med :-)