Alle på Værlandet Fiskeredskap er klare for 'Folkeaukeseminar' i helga!
Etter ein lang og kald vinter i utstillingsglaset ser Kato no fram til å hive kjeledressen....
Damene på garnmonteringa let seg ikkje be to gonger....
Torsdag tok damene og flerra av han alle kle, so no er både han og damene klar for ei helg i formeiringa sitt teikn!
(Den mannlege heimesideskrivaren tilbyr seg å vere utstillingsdokke ein halvtimes tid, dersom de har huer i litt større format då..)
Det kan synast som om vinterfrosten ikkje har slept heilt taket i Kato enno, men damene på garnmonteringa lever som kjent etter mottoet "Ikkje noke problem!" so her må ein ta høgde for små og store mirakel.
Damene på garnmonteringa har tenkt å gjere sitt til at folkeaukeseminaret gje dei forventa resultat og oppmodar alle andre til å gjere det same!
Kato er klar! Er du?

