Velkommen til Nordsjøporthelga 2006!

 

Det er tredje året Værlandet og Bulandet arrangerer Nordsjøporthelg. Det som er nytt og spesielt i år, er at vi får besøk av ein gjeng med skotske ungdommar som vil spele skotsk tradisjonsmusikk på ulike tilstellingar heile helga. Dette er den første konkrete tiltaket som blir gjennomført, sidan samarbeidsavtala mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Shetland og Highlands i Skottland vart underskreva i desember 2005. Denne avtalen er meint å skulle oppmuntre til nye kulturelle, økonomiske og sosiale bindingar  for å utvikle næringsliv og busetnad, gjennom at folk frå desse områda får høve til å lære av kvarandre.

 

Fredag 30. juni blir det båtsamling i Værøyhamna på Værlandet, og vi ynskjer små og  store båtar velkomne! Skuleskipet Swan frå Shetland kjem. Det gjer også Bakkejekta, veteranbåten MS Atløy og fleire redningskryssarar.  Om kvelden blir det keltisk pub i ungdomshuset på Værlandet med 18 års aldersgrense. Det irsk-skotske firemannsbandet ”The Corner Boys” spelar.

 

Laurdag 1. juli blir det offisiell opning av museet i bua etter Peder Hansen i Værøyhamna og marknad med over 40 ulike salsbodar og aktivitetar på området til Værlandet Båt og Værlandet Fiskeredskaper. Her kan du til dømes prøvekøyre firehjulingar, padle, ri på hest eller besøke ein steinhoggarleir. Mykje spanande å kjøpe, alt frå båtar og steinbord til vakre smykke. Mykje godt for magen finn du også. Vi har alt frå thaimat til god lokal fiskesuppe! Skotske ”gatemusikantar” vil spele heile dagen.

 

Om ettermiddagen blir det båtkonvoi, med MS Atløy i spissen, til laurdagsdansen i Bulandet.

Der spelar den populære trioen Nybøband først til familiedans og etterpå til vanleg dans med 15 års aldersgrense. Skotsk musikk i partyteltet ved ungdomshuset i Bulandet.

 

Søndag 2. juli blir det utegudsteneste ved kapellet i Bulandet, det vestlegaste i landet. Etterpå blir det ulike arrangement i området rundt butikken i Nikøyna i Bulandet. Her kan du nyte ein betre sundagsmiddag før vi inviterer til taekwondooppvisning ved Nordsjøporten taekwondoklubb og konserten ”Varig Vennskap – Lasting Friendship” med skotske og norske utøvarar. Konserten har Jakob Sande og Robert Burns som hovudtema, med diktlesing på norsk og engelsk og musikk av Jubelhornet med fleire.  Det blir mykje flott musikk og gaelic song av våre gjestar frå Skotland som spelar alt frå piano til sekkepipe! Vi får også sjå folkedans og det lokale rockebandet Stormblåst, før vi får den store finalen med ”Auld lang syne” på engelsk og norsk med skotsk sekkepipe og Per Vidar Nybø på gitar.

 

Informasjon om tidspunkt, rutetider, opningstider, overnatting med meir, finn du på heimesidene våre www.bulandet-grendalag.org