VELLUKKA SANDVOLLEYBALLSKULE I VIND FREDAGEN OG I SKIKKELEG SMIKKEVER
LAURDAGEN.


Marcelo Penner og John Walstad har vore instruktører under sandvolleyballskulen i parken.
Totalt 27 deltakarar i alderen 10 til 15 år var med, og dei viste ein iherdig innsats i vinden og ikkje minst i smikkerua laurdag morgon.
Marcelo og John såg mange talent og oppfordringadeira var å bruke bana og trene på det dei no har lært. Det vert mest sannsynleg sandvolleyballturnering i Askvoll laurdag 24.juli, der kan alle danne lag og vere med.
Under treninga laurdag fekk vi besøk av NRK Sogn og Fjordane, mannskapet på "Fruens vrede", innslaget kjem på radio måndag morgon, tidleg, mest sannsynleg kl.06.15 eller der omkring:)
Les bloggen til NRK Sogn og Fjordane, mykje kjekt stoff frå Bulandet og Værlandet.
Takk til Marcelo og John for kjekke dagar, og takk til det lokale næringslivet som har sponsa sandvolleyballskulen og ikkje minst utstyrspakkane.

Klikk ein gong på bilda for å få dei større.