Møtereferat frå Bulandet Grendalag  23.11.06

Møtestad: Staua hennars Anne Britt. Alle blei godt traktert med kaker og kaffi.

Deltakarar: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Anne Britt Sandøy, Frank Hatlø, Arne Fedøy og Randi Fedøy.

 

Sak 1: Ferje.

Sambandet vårt skal ut på anbud 28. eller 29. november.Da er snakk om at sambandet vårt skal inngå i ein pakke saman med eit samband i Solund.

Da er viktig at vi får tilgang til papira som fortel kva ditta går ut på. Heidi skal få gode råd frå Asle og prate med Liv Henjum

Da er sagt at både kommune og grendalaga skal få komme med innspel og få uttale seg om dinna prosessen her.

 

Sak 2: Leige av badefjære.

Her er da kansje ting på gong.

 

Sak 3: Bokpresentasjon.

Trond Strømgren fra Fanøy har skreve bok som heiter Fiskeri. Da er ei historisk bok om fiskeri i gamle dagar og fram til no. Han vil gjerne komme til øyane våre for å vise fram boka si, og syne lysbilde og fortelje historier om fiskeri og sånt. Da er snakk om at ditta kan foregå i skulen og at elevane vert involvert i å stelle til.

 

Sak 4: Framlegg til kulturprisen.

Her har Bulandet Grendalag innstilt Asgeir Torvanger.

 

Sak 5: Nordsjøporthelga. Kva rolle skal grendalaet spele?

Nordsjøporthelga vert som vanleg fyrste helga i juli. I år er 1. juli på sundag, men ditta vert rekna som fyrste helga. Grendalaget skal søke om midlar og stå for da økonomiske. Da er ei eiga gruppe som skal ta seg av markesføringsbiten, i den gruppa sit Reidun, Frida, Frank og Kristin. So er da nokon frå Værlandet som må være med i den gruppa, men da er ikkje klarlagt enno.Skrivar Kurt skal sende brev til næringslivet for å hinte om litt økonomisk støtte. Eventuelle sponsorar skal få navnet sitt på den delen av heimesida til Værlandet og Bulandet som omtalar Nordsjøporthelga. Heidi skal ordne eigen konto som berre gjeld Nordsjøporthelga. Frivillige hjelparar under Nordsjøporthelga skal få ei form for premiering, kva slags får være ei overaskning so lenge.

 

Sak 6:Veglys.

Veglysa våre bemerka seg stadigt med å innehalde lite lys. Vi skulle og hatt nokre fleire lyspunkt, såsom ved gravplassen, busshaldeplassen og til Gjørøy og Hågøy. Vi skal skaffe anbod frå Siemens om kor mykje da vil koste å montere lys til Gjørøy og Hågøy. Heidi tek kontakt med kommunen.

 

Sak 7: Kontobehaldning.

Veglyskontoen inneheld ca. 20 tusen  og lagkontoen vel 14 tusen. Grendalaget må få eige lagsnummer da dei ansvarlige for kontoane risikera å måtte betale skatt sidan kontoane er registrert på dei.

 

Sak 8: Brannvern.

Brannvernberedskapen er ikkje god nok. Ei brannpumpe skal stå ved gamleskulen på Værlandet, og so skal da vel stå ei pumpe i Bulandet.System i opplæring og vedlikehold manglar.Grendalaget har sendt brev om brannvernet, dessutan har Frank sendt eit eige brev på vegne av grendalaget. Responsen har vore so liten som da går an å bli. Grendalaget skal be om eit møte med Rydland, der skal Heidi og Frank delta.

 

Sak 9: Eventuelt

Skal Grendalaget klyppe plen utanfor aldersboligen?

På Værlandet gjer dei sånt på dugnad, det kan vi gjere her og. Da skal lagast ei liste som kan henge på butikken, itte same mal som dei har på Værlandet.

Egentlig er dette ei kommunal oppgave som Heidi og Frank tek opp i same møte som under sak nr. 9.

Tilflyttarar skal få ei eigen velkomsthelsing frå kommunen, vi må gje beskjed til kommunen når nye innbyggarar kjem flyttande hit til oss..