Historia om når namnet
Værlandet vart teke i bruk.
Det var Den
Kongelige Norske Regjerings Departement for de offentlige Arbeider,
Poststyrelsen som etter krav frå folk i Bulandet måtte forandre namnet på postopneriet i Værø frå Bulandet postopneri til
Værlandet postopneri. Brevet er datert Oslo 3 Oktober 1904. Det var då i Kong Oskar II si regjeringstid
og vi var i union med Sverike. Det som hadde skjedd
forut for dette vedtaket var fylgjande: Postopneri for Bulandet og Værø
vart oppretta den 1 juli 1890. Namnet
var Bulandet postopneri ved dampskipsanløpet i Værø i Værøhavn. Iver Karlsen som
dreiv handel i Hittunsbua vart postopner.
Folk frå Bulandet henta posten sin her. Vi veit at Petter Nikkøy på den tid henta posten ved å ro eller sigle til Værøhavna, og under dårlege veirforhold tok turen frå
Myrvågen til fots. Han delte so ut posten til Bulendingane i Nikkøyna. Denne
postordninga hadde dei i 14 år. Kring 1904 fekk Bulandet sitt eige postopneri som då fekk namnet Ytre Bulandet postopneri.
Brevet dat. 3
Okt. 1904 lydde fylgjande: "Bulandet postaabneri
i Askvoll herred fra 1. januar næste aar vil blive benævnt Værlandet postaabneri. Fra samme tid vil det nuværende midlertidige postaabneri Ytre Bulandet blive
benævnt Bulandet og underholdt som fast postaabneri indtil videre. Til postaabner,
ved dette postaabneri har man beskikket dampskipsexpeditør Petter Berntsen Nikø
uden løn af postvæsenet og uden godtgjørelse for
postsagernes transport mellem postaabneriet og de postførende dampskibe. (.....) Det
ved Bulandet postaabneri nu
benyttede signet og datostempel forudsættes overført til det nye postaabneri. Nytt signet og
datostempel for Værlandet postaabneri
vil blive fremsendt for postintendanten."
Den 1 januar 1905
vart altså det nye stemplet med det nye namnet Værlandet teke i bruk.