Sangen om Bulandet

 

Tekst:    Kjartan Lauvsnes

Melodi: Vestland, Vestland

 

 

Langt ut i vest der havet storfelt bryt, der ser du mange øyer opp seg skyt.

Og om du tel dei, vil du få til svar, at talet vert som året dagar har.

 

Om desse øyar er eit løynlig band, dei samlar seg i namnet BUELAND.

Eit kjærleiksband  er knytt frå øy til øy, for landet elska er, av mann og møy.

 

Når våren kjem og vekkjar alt til liv, då fuglane imellom holmar sviv.

Dei byggjer reir og samler mat i hop, mens blomar sprett og graset spirar opp.

 

Og soli gjerer sumaren så linn, frå tidleg dag til seine kveld ho skin.

Og sjøen ligg og speglar himlen av, og skjær og holmar hildrar opp frå hav.

 

Men altfor tidleg kjem den harde haust, når stormen riv i hus og båt og naust.

Då stig frå heimane til Gud ei bøn: ”Hald du di hand om dei som er på sjøn”.

 

Om vinteren når sild mot landet sig, det hundretals av båter her då ligg.

På alle buer vert det arbeid då, dei saltar sild og andre rysjer hå.

 

På Kjempeneset der er vårt kapell, der samlast vi så mang ein høgtidskveld,

og takkar Gud for alt frå han vi får. Og bed at han må styra skuta vår.

 

Her fedrane har stritt sin strid så hard, no vil vi gå i deira fotefar.

Med Gud si hjelp vårt arbeid signing får. Då vert det framgang, stadig betre kår.

 

Så lat det koma, kva som koma kan, vi byter ikkje bort vårt BUELAND.

Vi elskar kvar ein holme, kvar ei øy, her vil vi leva, og her vil vi døy.