Fiskaren

Mellom fluer og skjer ut med stranda

lever fiskaren dagleg sitt liv.

Der han slit for den part Storehanda

deler ut til hans born og hans viv.

 

Oppor hav må ho hentast den grøda

som skal vendast til søtt og til salt

og båten må ut i frå støa

om det er blest eller bitande kaldt.

 

Når fyrste fiskaren landa her ute,

er det ingen i verda som veit.

Han hadde sikkert ei underleg skute

men eg trur nok at fisken beit.

 

Skal tru kva slag anglar han  åtte,

nr. 2 eller 3 eller 9 ?

Nei, eit bein frå ein selhunde skrotte

var god svenskepilk på  den tid.

 

Kanskje stod han i fjøra som katta,

og hogg når han såg der var liv.

Og rusla så heimatt til natta

til kona og steinhytta si.

 

Men borna kom lenger enn faren

dei lerde av han og fann nytt,

Snart fanga dei seien på taren,

aksjonsradiusen vart skøytt.

 

Og båtane kom seg med tida

dei  siglde i sud og i nord.

Ja, vi veit at for 1000 år sida,

var ein fiskar vidfaren om bord.

 

Han leit på den kroppslege styrke,

men ofra til Odin og Tor.

Det høvde så fast til hans yrke

og ta med han Storebror.

 

Den tida vårt land under danskane

låg, var fiskaren ofte i beit.

Han sjeldan anna enn armoda såg

kor mykje han streva og sleit.

 

Vi kan lese i dei gamle arveskifte

at fiskaren tok dei ned åt.

Det var skattar og sportlar og tiend

og toll, ja, dei snøydde han kor han

for åt.

 

Dei reiste frå heimen med alt av metall

og anna dei fann av verdi.

Og den som kun' trenge litt startkapital

han åtte knapt skjorta si.

 

Men sjøen som låg rundt om landa

gav nering til harføre folk.

Og på bylgja som skola mot stranda

kom nyare tidarbolk.

 

Ein dag kvapp folk til ut på nesi,

ein motor kom larmand i lei,

jau dette var saker med fres i

folk stirde til augo dei sveid.

 

Og sidan så byrja ein kvass diskusjon

om motorens knirk og knest

ein meinte spetakkelet var eit  tjon

som skremde all fisken mot vest.

 

Ein annan han våga det store sprang

og borga seg heim ein kjaks,

og fisken beit framleis der snøret  hang

ja, der hoppa så menn ein laks.

 

No gjekk fiskaren inn i ei larmande tid,

det hamra og hosta på sjø.

Han kom sotete heimatt  til kjerringa si,

men stundom tent han litt meir enn til brød.

 

Og sidan så har det gått opp og fram

med  teknikken om bord og  i land,

det går automatisk så mykje som kan

det  letnar på  hardfør  strand.

 

Fiskaren, ditt yrke er enno hardt,

men vi hugsar den tida før.

Og vi veit at du alltid har bore din part,

av gamle mor Noregs bør.

 

Du har bruk for din kroppslege styrke

men kvar vart det av Odin og Tor?

Det høyrer så med til ditt yrke

å ta med han Storebror.

 

Odin og Tor er for gamle,

men der kom ein og tok deira plass.

Han ville oss alle samle

Tak Honom med deg til havs.

 

Og ho som sit att heim i stova

når du dreg på bylja ut

ho kvepp når det plystrar på nova,

ho er tryggast når du lit på Gud.

 

Vi styrer alle ei skute

på livshavet, dag og natt.

Lat oss halde reine rute,

må Herren stå med oss ved ratt.

 

 

Dette diktet er skrive kring 1960 av Sverre J. Landøy.