Fiskeplassar og fiskemeder utanfor Værlandet.
Frå alders
tid har fiskemèder vore
rettesnora som viste adressa til fiskeplassane ute på
fiskegrunnane. Hos fiskaren
var desse gøymt i
hukommelsen og overlevert frå far til son gjennom generasjonane.
Fiskaren kjenner geografien på havbotnen der ute, med
sine knausar, fjellhyller, djupe dalar
og bratte stup. På adskillege famners djup fant dei knausane der fisken heldt til og dei kunne vente
store fangstar. Då tok dei mèd
på plassen der dei låg. Det vil seie,
dei merka seg fjelltoppane
og knausane i land
med dei konstellasjonane desse hadde til kvarandre.
Ei slik fiskemèd gjorde det lett å finne fiskeplassen
igjen. Fleire og nye fiskeplassar
vart funne ettersom tida gjekk, kvar med sitt fiskemèd
i land. Og fiskeplassen fekk gjerne namn etter den
som hadde funne den.
Eg vil nemne nokre slike fiskeplassar som har fått namn
etter nokre fargerike personar
her på Værlandet, den eldste av dei var fødd i 1810. Ein fiskeplass har fått namn
etter ei tragisk ulukke i Bulandet. Fiskeplassane er
Austre og Vestre Jyttaberget, Gullikberget,
Resanakken, Sula og Øynaberget.
Austre og Vestre Jyttaberget
Dette er to
gode fiskeplassar nord om Bulandet som ber namnet sitt etter Jytten, som eigentleg heitte Knut Nilsen. Han
kom frå Lærdal til Værlandet i 1840-åra. Han vart gift med værlandsjenta Anna
Berte Kåresdotter og dei busette seg som husmenn på nordre Vikajorda.Huset
deira stod nede ved Madsihågen,
over ein bergsprekk, eller jytt.
Og ettersom det frå før var to Knut'ar i Vika, så
måtte det bli eit tilnamn
på den eine. Jytten dreiv
fiske og hadde naust og båt nord i hamna. Desse bar
sjølsagt namn etter eigaren
sin, Jyttanaustet, som står der den dag i dag, og Jyttabåten. Jytten hadde tre søner, Sivert, Ludvik og Peder
Johan, og etter som desse voks til vart dei med far sin på sjøen.
Fiskemèdet til Austre Jyttaberget:
Når vestre Hellelia ligg på vestre Tindesteinen
mellom to tuer, og Losnakollen ligg midt på store Sveneshammren, då kan du legge 400 famner kveiteliner rett
i vest og kjem då over Austre Jyttaberget.
Fiskemèdet til Vestre Jyttaberget:
Legg Losnakollen i nordre kanten på søre minste Sveneshammren og vestre Hellelia
i austre delen av vestre Buesteinen eller austanfor skaret. Då kan du legge 600 famner kveiteliner
rett på Losnakollen, og kjem då over Vestre Jyttaberget.
Knut Nilsen (Jytten)
Gullikberget
Dette er ein god fiskeplass nordvest om Håsteinen
som har namnet sitt etter valdresguten
som kom til Værlandet i 1847 som tenestegut hos Elias
i Sørgarden.
Gullik Nilsen heitte han og var frå Vang i Valdres.
25 år gammal kom han hit saman med kona si, Rakel,
som då var 24 år. Dei var nygifte og venta sitt
første barn. Dei første åra vart dei
buande sør i Austneset, langt frå allfarveg, i ei lun
lita vik i inste Skoravågen som etter dei har fått namnet Gullikstøa. Korleis dei fekk seg noko husvære der, er
vanskeleg å forstå, men vi ser ikkje
bort frå at det nettopp der kunne ha stått ei lita laksehytte, fordi det utanfor der skal vere ein bra laksefiskeplass, men noko
sikkert om dette veit vi ikkje. Gulliken dreiv i alle
fall som fiskar, og hadde ein
lun liten hamn der i den vesle støa si, og dei hadde
sikkert nokre gode år der saman
desse to. Gulliken var som nemnd også dreng i Sørgaren, og gjekk vel til fots gjennom utmarka til og frå,
eller kanskje helst rodde han rundt Austneset. Men etter nokre
år flytte dei til Sørgarden der dei fekk bygd seg
hus ute mot Gåsevatnet. Restar
etter denne hustufta er synlege den dag i dag. I 1866
utvandra denne familien til USA. Dei hadde då fire born, den eldste var 19 år.
Valdresguten hadde den tid han var her funne seg ein god fiskeplass, ein grunne,
eller eit fiskeberg som ligg ca. ei nautisk mil
nordvest av Håsteinen. Her er litt livd for dei fleste vindar. Heile
Ryggsteinen med sine skjær vestover vernar for nord
og nordvestlege vindar, og Håsteinen for vind frå sør og søraust.
Det er blitt sagt at ei uskreven lov blant fiskarane
sytte for at valdresguten fekk ha fiskeplassen sin i
fred. Den fekk namnet Gullikberget
som det heiter også i dag.
Gullikstøa
I inste Skårvågen i Gullikstøa,
Asmund Vederhus og Harald
Leite er på bildet
Resa-nakken
I sogehefte nr. 11 -
1998 fortel Magnus Nybø om Resa-familien. Som eit supplement til dette tykkjer
eg det kan vere på sin plass å ta med at også Resane, Leonard og Ludvik på
Reset, har fått ein svært god fiskeplass ute i havet
opplalla etter seg.
I djupet vest av Håsteinen ligg to korallrev, og på
begge sider av desse finn vi store sjøtre. Fiskarane har vegra seg for å legge liner ned i desse elementa, for dei har sett
det som nærast umogeleg å
få linene opp at or djupet. Men dette såg ikkje ut
til å skremme Resane. Med armar
som grove trerøter var det visst ingenting som kunne
hemme dei. Og fisk fekk dei
i massevis. Dei kunne fortelje
at brosma som kom opp or djupet var stor som kobbe, og bles og brølte når ho
braut havflata. Ho hadde fått fred til å vekse seg
stor og sterk inntil Resane oppdaga henne, men då
måtte ho bøte med livet.
Fiskemèdet til Resa-nakken:
Legg du Ytste Hellelia på Sandøyvågen
og sig nordetter under dette mèd nord av Svineflua,
då kjem du over Resa-nakken.
Fiskeplassen "Sula"
Fiskeplassen
"Sula" har namnet sitt etter ei tragisk
hending i 1885 då den unge Sivert i Sandøyna omkom på sjøen. Dei fant seinare sula hans og
dette ga namnet til fiskeplassen.
Sivert Sandøy var gift med Anne Malene Jonasdotter
frå Melvær. Dei var nygifte
og busett i Snadøyna då denne ulukka hende. Far min, Tomas Leite, har fortalt meg om denne
hendinga, slik den var blitt fortalt han av hans far.
Tomas fortel: "To båtar hadde vore nord i havet ein fin
junidag. Det var båten hans Sivert og
Leitebåten med han bestefar og han far. Dei hadde vore fyrst på Ryggsteingrunnen, so Nyemèd,
Nobben og hadde enda på Øynaberget.
Dei fiska med snøre etter sei og lange. Han far og
han bestefar hadde treft han Sivert ute på sjøen og dei hadde slege lag. Han far
hadde vore i bryllaupet
hans Sivert nokre dagar
før.
Ut på ettermiddagen mens dei låg på Øynaberget, tok det til å friskne på med nordavinden, som
ofte er vanleg på denne tida av året. Vinden vart so
frisk at dei bestemte seg for å segle sørover til
Bulandet. Begge seksæringane hadde råsegl. Dei hadde mykje fisk i begge båtane so dei var godt ladde. Dei bestemte seg for å segle sør om Bulandet. Då dei nærma seg Værøygrunnen, hadde
Sivert sin båt sakka noko akterut, men dei såg godt kvarandre. Men so
vart seglet hans Sivert borte. Leitebåten firde
seglet med det same og la bi. Etter ei stund såg dei
ei måsesky over der dei
hadde sett han Sivert sist. Dei skjøna
at noko alvorleg hadde
skjedd, og lempa fisk over bord for å lette båten.
Dei rodde mot nordaròket
for å prøve å nå fram, men det nytta ikkje. Dei fekk seg nokre sjøar og fekk vatn i båten, og måtte legge unda veiret rett som det var. Til
slutt såg dei ikkje noko tegn til han Sivert, og vind og straum
hadde ført dei lenger ut og sør i havet, slik at no var det snakk om å berge livet sjølv.
Det var eit trist mannskap som kom opp i Nikøyna ut
på kvelden. Han Bernt Nikøy, bror hans Sivert, såg med ein
gong at her var det noko som var gått galt. Dei kom utslitne og gjennomvåte til land med tom båt.
Det vart ein tung tur for han bestefar den turen i
Sandøyna om kvelden. Han Bernt og ho Henrikka var med. Dei
kom med ein tung bodskap
til henne Anne Malene.
Seinhaustes same året vart det på liner funne ei sule med fiskesnøre og dei tre bokstavane SJS innskrivne i sula, vest-
nordvest av Værøygrunnen. Fiskeberget fekk namn etter sula hans Sivert i Sandøyna."
Bernt Nikøy, Sofie Myrvåg og Tomas Leite
Øynaberget
Det var han
Lars i Øyna som fant Øynaberget, ein
av dei beste fiskeplassane
i vårt hav her omkring både med liner og snøre.
Lars Martinussen, eller Lars i Øyna (Landøyna) var
fødd i 1846 på nordre Myrajorda på Værlandet. Han
vart gift med Hittunsjenta Anne-Berte
og dei busette seg på nordre
Landøy. Huset deira står
der den dag i dag som eit lite raudmåla
uthus. I eit skjul ved sida av dette huset hadde dei ei ku som dei fant fòr til i Myraholmen. No ber denne holmen namn
etter ho Anne-Berte, og heiter
Anebertholmen, ei lita naturperle på Stroka. Med det var helst fiske han dreiv med han Lars, og
han var ein uvanleg dyktig fiskar. Vi veit at han i fleire
år hadde med seg bror sin, han Henrik, og han Knut i Kalvøyna i fiskebåten. To timar brukte dei på roturen frå Landøy, ut og nord, til dei kom
til Øynaberget. Ei lang og farefull reise med ein seksæringsbåt.
Sjølv om han Lars på grunn av tuberkulose i eit kne måtte amputere den eine
foten, så forhindra dette ikkje han i å drive fiske.
Han brukte krykker til og frå båten. På tofta var han i sitt element, og det
var også der han drog sine siste andedrag.
Me som var brukte på Øynaberget
var: Losnekollen frå Høgekletten
til Sveneshamrane, og Keipen på yste Skorpa. Dei fiska med snøre når Keipen låg på yste Skorpa og Losnekollen på Børekletten og nord på Sveneshamrane.
Lars Martinussen Landøy
og Anne-Berte
Lars og Anne-Berte Landøy
og sønene