OM FAMILIEN TIL TOMAS -
LEITESLEKTA
Kor tid plassen Leite vart frådelt Myrajorda
er uvisst. Det kan vere så langt tilbake som då forfedrane til Tomas bygsla under
Svanøygodset den første i 1651. Då var Myrajorda éi jord. Leite kunne då vere
ein husmannsplass under denne, men dette er teori.
Det er meir nærliggande å tru at dette skjedde etter at Myrajorda vart delt i bruk 1 og 2 i 1734. Då leigde oldefaren hans Tomas, Rasmus Larsen, bruk 1,som var nordre Myra. Begge døtrene hans, Asseline og Janikke, står oppført som brukarar på garden Værøen i 1760-åra, og det er då truleg at Janikke set på Leite.
Rasmus leigde hos fru Munthe, enkja etter
Oberst Gerhard Munthe, som kjøpte garden Værøen 5 gardsbruk på auksjon etter at
kongen slo Svanebirket konkurs. Han fekk skøyte frå kongen 19 feb.1728. I 1749 vart
Arents eigar og son til Rasmus og
odelsgut, Knut Rasmusson, leigde då hos han.
Knut dreiv jorda i berre ni år før han døydde.
Då sat systrene hans, Asseline og Jannike, att på garden. Då kan Nils Nilsen ha
vore leigar ei stund, men vi veit at Ivar Sørensen var inne ei kort tid som
brukar på garden. Deretter kom Anders Desiderius Alden inn frå Alden og tok
over. Han hadde først vore gift med Aaseline Larsdotter Hovland frå Folkestad,
men då ho døydde i 1762 flytte han inn på garden til Asseline og Janikke. I
1765 gifte Asseline seg med Anders Desiderius. Anders Desiderius hadde ei
dotter, Karen, og ein son, Desiderius, frå det første ekteskapet.
Jorda skifte eigar fleire gonger i denne tida. I 1760 Plate Brun.
Ved auksjonskøyte 1761 vart Hans Peder Hansen eigar. Han
var gjestgjevar i Sauesund og
fekk ein gong den attest at han var
"et menniske der besidder
et meget ondt hjerte". To år
måtte Anders forholde seg til denne person, før han selde jorda
til J.F. Tuchsen i 1765.
I 1767 gifte Janikke seg med ungkar Josef
Knutson. Dei fekk ei dotter, Kirstie, som seinare vart mor til Tomas. I 1769
står Janikke og Josef oppført som brukarar på Garden Værøen. Eg trur det er på
denne tida (1767-1769) at plassen Leite vert til, medan Anders Desiderius Alden
sit som leigar av Myrajorda under J.F. Tuchsen og er gift med syster til
Janikke. Dersom ein har tålmod til å leite i gamle arkiv så kan det finnast
dokumentasjon på dette i Statsarkivet i Bergen. Eg har sjølv vore
der og funne to av Bygsla på Leite som eg viser til her i denne teksten.
Då Anders Desiderius døydde, gifte Asseline
seg den 19. november 1775 med Knudt Larsen Værø. Dei fekk sonen Peder. Faren
til Knudt sat då på Hamrajorda. I 1776 kjøpte Mads Pedersen Alden begge
Myrajordene på auksjon og Aldeslekta overtok som eigarar. I
1791 døydde faren til Knudt, og Knudt og Asseline flytta difor saman med Peder tilbake til
Hamrajorda, medan Desiderius sat som brukar på Myrajorda.
Mads Pedersen døydde i 1792. I skifte etter
han i 1794 vart dotter hans, Johanna Madsdotter, ny eigar. Det var skifte etter
henne det same året, og då vart det halvbroren Bernt Jensen Alden
(Gamle-Berent) som fekk skøyte på nordre Myrajorda. Gamle-Berent var
grandonkelen til Desiderius. Slik enda familien til Tomas Hansen sin periode på Myrajorda.
Dottera til Janikke og Josef, Kirstie, gifte
seg fredag den 31.mai i 1793 med Hans Hansson Melvær. Han var son til han som
dei kalla ”Nordfar-Hans”. Tomas var fødd på seinsommaren same året. Han vart
døypt laurdag den 16.august i Korsund. Fadrane hans var Knut Larsen, Mathias
Eriksen Melvær, Desiderius Alden, Lisbet Josefsdotter Værøy og Ales Værøen.
Desse var venner og slektningar:
Knut var gift med tanta til Kirstie, Asseline
Rasmusdotter, dei leigde nordre Myrajorda av Mads Pedersen Alden. Mathias var
onkelen til Hans og leigde ”Hittun” av Madam Sem*. Desiderius var son til
Anders Desiderius Alden, han tok over nordre Myrajorda etter at Knut Larsen og
Asseline flytte til Hamrajorda i 1792. Lisbet var systera til Kirstie. Ales var
dottera til Peder Arneson Hillersøy og ho var gift med Peder Iverson Værøy. Han
står oppførd som fiskar og husmann i 1801. Far til Peder, Ivar Sørensen, var
brukar av Myrajorda i ein overgangsperiode frå Knut Rasmusson døydde til Anders
Desiderius Alden overtok.
* Ho var
ein av
eigarane av
jordene på Værøen. Ho
vart eineeigar av "Hittunsjorda" og Vikajorda i 1776. Eg trur ho eigde Hittunsjorda like fram til dei fekk
kjøpe sjølv i 1807. I 1810 gjekk Vikajorda i
arvebrev over til Peder Arentz. Madam Sem er då ute. Eg trur Madam Sem budde i Bergen, men er
ikkje sikker.
Mor til Tomas, Kirstie, var gift tre gonger.
Vi har nokre haldepunkt for å plassere kor ho budde i desse ekteskapa, men vi
har ikkje noko dokumentasjon på kvar Tomas vart fødd. Vi har munnlege
overleveringar på at han var fødd på plassen Leite.
I 1797 tok Peder over Hamrajorda. Same året fekk
Kirstie sin andre ektemann, Elias Nilsen, bøgsel på Egiljorda. Janikke flytta
då inn som kårkone og dermed er begge ”systrene på Myrajorda” flytta frå
nordgarden til sørgarden. Om dette vart det sagt: "Ho Kirsti tok
pengeskrinet med seg og fòr i sørgarden". Dei hadde ein del midlar på Myrajorda og
Leite, så når begge jentene fekk seg ny jord i sørgarden, ville dei ikkje legge noko att på Myrajorda.
Bøgselbrev
til Elias
Ut frå skiftet etter Hans Hansson Melvær kan
det sjå ut som familien til Tomas alt då var komen på ei større jord enn Leite,
men vi ser ikkje kva jord dette er. Vi veit at Matias Eriksen Melvær, onkelen
til Hans, kom frå Melvær til Værlandet og leigde ei jord av Madam Sem i 1789,
fire år før Tomas var fødd. Kanskje Hans og Kirstie hadde flytta til Egiljorda
før Hans omkom?
Egiljorda fekk sidan bruk nr. 3 og Hamrajorda bruk nr. 5.
Skifte
etter Hans
Egiljorda kring 1900. Han med ljåen: Bernt Olsen
Værøy, på hans venstre side foreldra hans, Ole Eliassen og Petrine Berntsdtr. Værøy. På flankane tenarar, det er litt usikkert kven dette er, men det kan vere ekteparet Didrik Dessideriussen
Værøy og kona Anne Marie Arnesdotter Sletteland som
var i teneste på garden i den tida.
Tomas budde på Egiljorda til 1812 eller 1813,
då flytta han nord att i Nordgarden til Leite. Han var då 18 eller 19 år, og
var dermed etablert på Leite før han gifte seg med Helene Sørensdotter Værøy
den 16. juni 1822. Helene var oppvaksen på søre Myrajorda bruk nr.2 før den var
delt.
Dei fekk ei jente som dei kalla Susanne, den
5.september same året som dei gifta seg. Sidan fekk dei Hans, Jonas, Knut og
Pernille (som var tvillingar) og Ane Cecilie.
Hans gifte seg den 18.juni 1854 med Berte
Larsdotter Prestegården. Han budde ei stund inne i Folkestad, men drog seinare
til Amerika. Jonas gifte seg same året som Hans, den 14. november, med Sofie
Olsdotter Natvik, og etablerte seg på Leite saman med Tomas og Helene. Susanne
var gift i Landøyna, Knut på Vilnes (Knut i Hågane), Pernille på Steinsøy i
Solund og Ane Cecilie på Færøy i Solund.
Knut og Susanne i Landøyna
Levevegen på Leite var fiske og jordbruk. Dei hadde ei jekt dei kalla Leitejekta. Ho var på fire lester, som tilsvarer 4* 12 fisketønner på 115,8 liter kvar. Tomas, Helene, Jonas og Sofie bygde det nye Leitehuset som vart kalla Massihuset. Først bygde Gamle-Tomas den nordre enden, seinare vart huset påbygd søretter.
Vi har ikkje funne bygsel i perioden 1776- 1844 frå Mads
Pedersen Alden vart eigar og til Gamle-Berent døydde i 1844, men bygselet som Tomas då måtte
få, for å fornye Bygselsetelen på Leite, fann eg i Statsarkivet. Dette fekk han
av sonesonen til Gamle-Berent, han Bernt Henriksen. Han Gamle-Berent på Myra,
som han seinare vart kalla, var berre femten år og stod som eigar av Myrajorda
med formyndar. Han gav då Tomas og Helene retten til Leite så lenge dei levde.
Bygselsetelen som Tomas fekk
Gamle-Berent på Myra med
familie: Framme set Berent og Anne
Barn:
Fra høgre: Berte- Marie, Ludvig, Engel, Elen, Karen. Eldstesonen Henrik,
er ikkje
med på bildet.
Seinare var Jonas og Tomas tilbake på myra og
fekk eit fornya Bygsl på Leite for å sikre seg at Jonas og Sofie ikkje måtte
forlate jorda når foreldra var ute. Dette fekk dei på det vilkåret at Tomas og
Helene skulle få kår hjå dei nye bygslarane, og dermed stod Bernt ved at Tomas
og Helene skulle få vere på Leite så lenge dei levde.
Bygselsetelen som Jonas fekk
Bernt hadde gifta
seg året før med Anne Larsdotter Smelvær og etablert seg på Nordre Myra. I 1905
vart Leite fråskildt Hovedbruket Gard nr. 60 Bruk nr. 1. Leite vart oppmålt og
merkt. Utmarka kalla "Mårkletten" vart tildelt, og "Leiteberget" skulle høyre
til Leite som sjøbuplass. Holmane Kjerringa og Grøneskjeret i Sørveret vart
tildelt. Skylda på dette vart sett til heile 0,55. "Plassen" Leite var dermed
slutt. Den nye garden på Værlandet med eiga utmark, sjøbuplass, og holmar fekk
namnet Leite og fekk bruk nr. 13. på Værlandet. Det var sonen hans Bernt, han Engel Andreas Berntsen, som
overtok som eigar av Leite ved frådelinga i 1905, og
som overtok jorda etter at bygselet til Jonas og
Sofie gjekk ut då ho Sofie som sist gjenlevande døydde i 1925.
Jonas gjekk bort alt i 1903, 74 år gamal,
medan Sofie vart 99 år.
Sjølv etter at Bygslet var ute i 1925 og dei
nye ”myrafolka” tok over, så vart det ikkje på nokon måte sett strek for
gardsdrift for Leitefolket. Dei fekk ein god overgong frå jordbruk og fiske til
berre fiske. Dei fekk sett opp ein liten flor på Myrajorda sin grunn, sørvest
for Hittunsbua. Haugen innanfor floren kalla dei for ”Berget”. Sjøbua fekk dei
behalde som si. Dei fekk beiterett for kyr i Alden om sommaren, og av Alden
fekk dei også slå gras i Håsteinen. Dei hadde fast slått i Kalvøyna der ute, og
ein del både i Gabrieløyna og Andersøyna.
Tømmer frå då den gamle Leite-floren
blei riven 1985-86, den var då meir enn 200 år gammal
Aina og Joar Leite
Talet
på omfar (antall lag planker) som Aina peiker på her,
viser at tømmeret kom frå ein større bygning.
Kilder:
Tomas Leite
Henrik Leite
Laila Vederhus
Sverre J. Landøy
Ane Rolvdotter Landøy
Statsarkivet i Bergen
Askvoll Bygdebok
”Folket” 2B
Askevold-Slægten og
nogle i den indgifte Slægter – Genealogiske Optegnelser av Bernt Askevold
Forfattar er Harald Leite, tilrettelagt
av Elin Nedrebø