SOGA OM DAVIDNAMNET
Den
3.april 1866 ringde
klokkene i Vilneskyrkja i Askvoll inn til
bryllaup. David Hansen Strand fekk si
Lene Knutsdotter Olset. Han var 24, og ho var 22 år. Ekteskapet skulle ikkje vare
lenge, ei heller livet til David. Men den tragiske historia hans skulle sette
sterke spor etter seg både i lokalmiljøet og i fjerne stader av verda.
Dei to
hadde funne kvarandre medan dei var i teneste hos Ole Eliassen som då sat på
bruk nummer tre på Værlandet. Dei busette seg i det vesle Vatnahuset, slik det
var før det seinare vart påbygd. Det stod i søre Gåsevassbogen og derifrå hadde
dei god utsikt over Gåsevatnet og den store Gåsevassholmen - ein ynda
hekkeplass for all slags sjøfugl.
Vatnahuset låg nesten heilt til venstre i bildet, rett under
Børekletten. Vi skimtar holmen
i
enden av vatnet midt mellom Børekletten og Mekletten.
Tomta der Vatnahuset låg
Lukka
over det gifte livet vart raskt overskugga, for dei kom frå tronge kår og kvar
dag var dermed ein kamp for føda. Då måsen, ternene og grågåsa byrja å legge
egg ute på holmen, var det for David og Lene ein sjanse til gratis mat som dei
ikkje kunne la gå frå seg. Drivne av svolt eller kanskje ungdommeleg overmot,
bestemde dei seg den 3. juni for at David skulle komme seg ut på holmen for å
hente egg.
Som dei
fleste andre på den tida hadde heller ikkje David hatt den luksusen som det var
å lære seg å symje, men han meinte at med litt flytehjelp skulle han klare å
kome seg det korte stykket bort til holmen. Med ei åre i kvar armhòle la han ut
medan Lene stod att på land og såg.
Gåsevassholmen
Det tok
ikkje lange tida før han begynte å få problem med å halde årane på plass på
same tid som han skulle ta seg framover, og brått såg Lene at han gjekk under,
medan årene låg igjen og flaut. Det var eit skremmande syn for den unge jenta,
men ho fekk tak i hjelp, og båt vart henta. Dei fann David, men for seint. Han
vart teken i land rett nedanfor Vatnahuset, på neset som seinare vart kalla
Davidneset.
Denne
hendinga gjorde inntrykk på omgangskrinsen hennar Lene, og ein byrja å kalle
opp ungane sine etter David. Broren hennar, han ”GamleHansa i Landøyna”, kalla
son sin for
David.
Han vart fødd året etter ulykka.
”GamleHansa”
Lene og
syskenbornet hennar, ho Petrine Abrahamsdotter (”Petrine med Vatna”), var gode
venninner, og då Petrine fekk ein son to år etter ulykka, kalla ho han for
David Andreas.
Lene
gifte seg igjen fire år etter ulykka, med Elias Jonasson Sandøy. Dei budde ei
tid i Vatnahuset, så flytte dei til Sandøy. Petrine og mannen hennar, Henrik
Martinussen, flytte inn i Vatnahuset, og det var dei som sidan bygde på det.
Vatnahuset etter det var påbygd,
illustrasjon frå heftet
”Familien sør ved Vatnet”. David og Lene budde i nordre enden,
lengst vekk. Davidneset til venstre, og Gåsevassholmen midt på vatnet.
Lene fekk
sidan tre ungar, men ho ville ikkje kalle nokon av dei opp etter den fyrste
mannen sin. Men medan dei budde på Sandøy kom tragedien inn i livet til Lene på
ny:
Ho hadde
vore med båt i Sørværet og henta skjærelyng til fór saman med Johanna Fedøy og
sonen hennar, tolv år gamle Kolbein. (Johanna var òg mor til Johan Larsen, han
som kjøpte huset til Kristoffer Hansen Landøy. Han miste kona si - tante
Kristine kalla dei henne - etter berre tre års ekteskap.)
Johan
Tviberg skildrar denne hendinga i ”Erindringar om dauen på sjøen, frå 1868 til
1894”:
`Ein dag
om vinteren eg og min far og ho Johanne, som vart kona mi seinare, vi loserte i
Sandøyna. Eg og Søren var nett kome inn at frå sjøen og opp til Sandøysjøbua,
då kom Andreas Melvær og ropa. ”Å Søren, du må ta seksæringen din og ro inn i
Olsundet. Der har visst gått gale med nokre kvinnfolk der inne.” ”Gode Gud,
bevar oss,” svara han Søren. Og eg var vel ikkje så sein på foten, før eg var
komen i båten. Vi vart fire. Søren, Karl, Johanne og eg, vi klemde på og rodde.
Då vi vende båten forbi norde Tengla, såg vi ein båt med ein mann i. Han låg og
heldt i berget med eine handa og luta ut over ripa, nett som han ville sovne. I
det same såg eg to mann som kom berande på eit menneske tvers over neset og
gjekk ned til han som låg og heldt berget. Det var Elias i Sandøyna som låg der
i ein færing og ville ta det mennesket inn i sin båt. ”Nei,” sa han Søren, ”vi
tek henne inn i vår båt, og så skundar vi oss å ro på Kjempeneset med henne,
kanskje dikslemennene kan få liv att i henne.” (Dikslemennene var menn som var med på sildesaltinga, dei var
framandkarar som hadde kjennskap til gjenoppliving) Der var ikkje fleire å
finne i Båtmannsjytten. Berre ein tresko som guten hadde hatt på seg, ikkje
anna såg vi.
Det var
ho Johanne Fedøy, dei bar henne opp i staua på Kjempeneset og dikslemennene
prøvde etter reglane for druknede, men ho døde mellom hendene deira.
Knut i
Melvær kom også frå sjøen, han fann Lene i Sandøyna midt i Olssundet, ho var
med barn og låg og flaut. Han rodde med ein gong til Melvær med henne og bar
henne opp i stova. Ho begynte å gape og geispe, han snakka til henne og sa: ”Vi
har berga deg vi, vi har berga deg vi.” Ho kom seg og levde fleire år baketter.
Dei hadde
kome frå Sørværet med skjærelyng-byrder, og var komne ganske nær ut under
Tengla då båten, ein liten færing, gjekk full. Der ber straumen sør mot vinden,
og skravlebrota kunne ikkje den litle båten tåle. To døde. Ein gut var med, han
fann dei ikkje att.`
Som det
går fram av skildringa til Tviberg så overlevde Lene denne hendinga medan dei
andre omkom. Men no ville ho minnast den fyrste mannen sin, og kalla barnet i
magen som òg overlevde, for David. Sidan busette dei seg på ein part av Fedøy.
Som nemnt
tidlegare kom Davidnamnet seinare til fjerne stader av verda. Sonen til
Petrine, han David Andreas, utvandra til Amerika der han utdanna seg til prest.
Sidan reiste han til Kina der han dreiv ein misjonsstasjon utanfor bymuren til
Kioshan. Ved gravsteinen hans i Kioshan er reist eit kapell, St.Andrews kapell.
David
Andreas Martinson
I Bulandet
finst det framleis ein David som skal ha namnet sitt indirekte etter David
Hansen Strand, og Davidneset heiter det same den dag i dag, eit tydeleg teikn
på at hendinga sette sterke spor i befolkninga.
- Denne historia vart fortald av Harald Leite
til Arve Uglum i NRK Sogn og Fjordane og vart sendt på radio i serien
”Dramatiske hendingar som etterlet seg namn”.