Fellesmøte Bulandet Grendalag/Værlandet Vel/ Nordsjøportnemda  14.06.07

 

Møtestad: Skulen

Fyrste del gjaldt Nordsjøporthelga.

Deltakarar: Heidi Kjempenes, Kurt Rutledal, Astri Thorsen Landøy, Randi Fedøy, Frida Melvær, Jardar Melvær, Linda Landøy, Elin Blom Vesterås, Rune Thistel.

 

Linda las opp program for Nordsjøporthelga.

Barnehagen skal bli invitert til å bli med ein time kvar dag på dansekurs. 9.klasse skal være parkeringsvakter under marknaden på lørdag.

Skottane spela sekkepipe på ekspressen frå byn når dei kjem. Da gjorde dei i fjor og, med stor suksess. Dei tek nok ein pause av og til, so da er berre å ta ekspressen for dei som ikkje lika sekkepipe og.

Jardar skal være konfransier på lørdag.

Refererar ellers til oppdatert program på heimesida.

 

Andre del var fellesmøte mylja Bulandet Grendalag og Værlandet Vel.
Frida og Elin gjekk og Nina Etterlid, Roar Landøy, Bjørg Landøy og Bengt Ronny Landøy Midtbøen kom til.

Fellesmøte.

Styrevedtak på at Bulandet Grendalag låner pengar frå veilyskonto/lagskonto for å betale frakt av Skotta. Ein skotten har no lagt ut masse penga frå eiga lomme for å betale frakt. Penga til sånt kjem frå kommune og fylke, men i ettertid. Da er dumt at skottane må legge ut masse penga av eiga lomme for so å få att pengane seinare, grendalaget har då bestemt å forskottere dissa pengane.

 

Skilt på ferjekaien.

”Sjå deg ikkje attende” . Skiltet er berre foreløpigt, og no vert da fjerna vist vi ikkje betala for da. Da vil koste 25 tusen kroner , pluss leige av skiltstativ. Linda skal forhøyre seg om nokon vil sponse ditta her, vist vi ikkje finn sponsorar so har ikkje nokon av grendalaga råd til å betale for dette.. Får vi da vil vi ha da, vist ikkje so har vi ikkje råd.

 

Drosjeløyve.

Vi treng drosje, men korleis skal vi få da til? Ein eller annan privatperson som har lyst og anledning må søke om løyve. Vi legg ut på heimesida ein epsitel der vi oppfordra folk om å søkje om sånt løyve.

Lagar og plakat som vi heng opp på butikkane, med søknadskjema.

 

Branndepot.

Dei har ein bil på Askvoll som vi kan få ut her. Den kan stå i lagerbygningen på ferjekaien på Værlandet. Vi er einig om å ta imot bil og utstyr , so diskutera vi permanent plassering seinare.

 

Eventuelt.

Etter Nordsjøporthelga vert da eit evalueringsmøte, var vi diskutere kva som var lurt og kva som var mindre lurt og kva som var skikkeligt toskje. Forhåpentligvis vert da minst diskusjon om siste kategori.

Ferjelemmen på Værlandet skal bytast ut. Da vil ta 2 dager. Tirsdag og onsdag etter Nordsjøporthelga, da vil sei 3. og 4. juli, vert ferjekaien stengt. Ferja går opp i havna, men tek berre passasjerer dei dagane. Nærmare opplysningar kjem på heimesida.

 

Badefjera i Gjørøyna er begynt å sjå fin ut. Er rydda og stelt. Gjenstår å spikre nokre bord og benker.

 

Møte slutt 20:52